Indre Sogn: Statens vegvesen hadde tysdag beltekontroll i Gudvangen, Vik og Leikanger, skriv Vegvesenet i ei pressemelding.
Dei kontrollerte sju bussar med til saman 98 passasjerar, der kun éin fekk bot for å ikkje ha brukt setebelte.
– Eit bra resultat, ifølgje Vegvesenet.
Bota for manglande beltebruk er 1.500 kroner.
Der det var lite trafikk vart andre køyretøy også kontrollert. Ein norsk minibuss dreiv persontransport utan gyldig løyve, og vart rapportert til løyvemyndigheitene.
Tre førarar fekk gebyr for manglande bombrikkeavtale, og ein førar fekk anmerkning for brot på køyre- og kviletida.