Måten me har jobba på har fungert bra for vår avdeling, seier avdelingsleiar for Norges Ingeniør- og Teknologorganisasjon (NITO) i Sogn og Fjordane, Jan Einan (t.h)
Måten me har jobba på har fungert bra for vår avdeling, seier avdelingsleiar for Norges Ingeniør- og Teknologorganisasjon (NITO) i Sogn og Fjordane, Jan Einan (t.h) (Foto: NITO Sogn og Fjordane)

Avdelinga i Sogn og Fjordane er best i landet på medlemsvekst

Norges Ingeniør- og Teknologorganisasjon i Sogn og Fjordane har no klare planar for kva dei vil satse på i 2020.

Sogn og Fjordane: – Måten me har jobba på har fungert bra for vår avdeling, seier avdelingsleiar for Norges Ingeniør- og Teknologorganisasjon (NITO) i Sogn og Fjordane, Jan Einan, til Porten.no.

Dei hadde nyleg årsmøte og då kom det fram at avdelinga i Sogn og Fjordane var ei av dei beste i Norge på medlemsvekst.

– Dei satsa mykje på medlemsvekst sentralt, og me har følgt det opp, seier Einan. 

Vil syne seg fram i fylket

Norges Ingeniør- og Teknologorganisasjon er noregs største profesjonsorganisasjon for ingeniørar og teknologar, med over 91 000 medlem nasjonalt.

– Med yrkesaktive er me på nivå med Oslo, seier han.

2019 har vore eit bra år for avdelinga i Sogn og Fjordane. Dei har dei reist rundt på besøk, og hatt lokale arrangement.

– Me er mykje rundt i fylket og prøver å vera synlege.

Dei har medlemmar i heile fylket, men litt meir i industriområda, som for eksempel Årdal og Florø. 

Les òg: Vil auke teknologikompetansen ved å låne ut ein robot til bedrifter

Skal satse på dei yngre 

I 2020 skal dei satse endå meir på dei yngre medlemmane. 

– Me skal ta vare på dei andre medlemmane, og me skal halde fram med å reisa rundt i fylket, men me skal spissa det litt meir inn mot dei yngre, seier han. 

Han nemner at studentpotensiale ikkje er det store i fylket, då det ikkje er så mange ingeniørlinjer her, men at dei vil laga arrangement, og laga eit miljø for det. Dei merkar òg eit stort fråfall frå overgangen mellom studentlivet og inn i arbeidslivet.

– Det prøver me å finna ut av, og difor dette satsingsområdet på dei yngre, seier Einan, som også merkar konkurranse frå andre profesjonsorganisasjonar. 

Til toppen