MÅTTE SPØRJE PÅ NY: – Kvifor er ikkje formannskapet og kommunestyret brukt, slik som under storbrannen. Det er me som må gjera jobben og engasjere oss, seier Anna Jorunn Avdem (SV) då ho tok opp spørsmålet om flykningar for andre gong i kommunestyret sidan juni. Foto: Ina Eirin Eliassen
MÅTTE SPØRJE PÅ NY: – Kvifor er ikkje formannskapet og kommunestyret brukt, slik som under storbrannen. Det er me som må gjera jobben og engasjere oss, seier Anna Jorunn Avdem (SV) då ho tok opp spørsmålet om flykningar for andre gong i kommunestyret sidan juni. Foto: Ina Eirin Eliassen

Avdem (SV): – Det er ei krise. Me har eit ansvar og må brette opp ermene

– Ordføraren vil ta imot 88 flyktningar før 2017 er omme. Kva tid skal me behandle dette politisk, spør Anna Jorunn Avdem (SV) og etterlyste saka ordførar Jan Geir Solheim (Sp) lova innan 1. september. 

Lærdal: Første gong Anna Jorunn Avdem (SV) utfordra ordførar Jan Geir Solheim (Sp) på kor mange syriske flyktningar Lærdal skal ta imot var under eit kommunestyremøte i juni. Solheim sa då at han hadde dårleg samvit for at saka ikkje hadde vore oppe og lova at det skulle kome ei sak innan 1. september.

I tillegg til dei 60 flyktningane som Lærdal alt har forplikta seg til å ta imot, meinte ordføraren at kommunen i tillegg burde ta imot 28 syriske flyktningar, slik at det samla talet blir 88 menneske innan 2017 er omme. For å få dette til, var det då mellom anna viktig å få etablert språkopplæing i Lærdal, slik at ein kan busette i heile kommunen.   

Les også: Lærdalsordføraren er positiv til å ta imot 88 flyktningar

– Det hastar og me må alle ta i eit tak

Under spørjetimen i kommunestyret torsdag, tok Avdem saka opp på ny, då det ikkje har skjedd noko halvannan månad etter fristen til ordføraren. 

– Det forundrar meg og det hastar å få ein skikkeleg debatt, slik at me får vedteke flykningpolitikken i kommunen. Om alle hadde vore involvert og engasjert, hadde rådmann hatt klar ei sak på dette til no, seier Avdem.

Ho tykkjer det også hastar med å få på plass fadderordningar og liknande, slik at lærdøler får høve til å bli kjend med dei nye sambygdningane, samstundes med å gi flyktningane sjansen til å kjenne seg heime i Lærdal, læra spåk og finne passande arbeid. 

– Situasjonen har eskalert dei siste vekene

Solheim seier han ikkje er nøgd med at det har teke tid, og forklarar at utfordringane stoppar opp på kapasitet og husvære. 

STØRRE ANSVAR: Ordførar Jan Geir Solheim (Sp) fortel kommunen er utfordra på å ta eit større ansvar berre dei siste vekene.
STØRRE ANSVAR: Ordførar Jan Geir Solheim (Sp) fortel kommunen er utfordra på å ta eit større ansvar berre dei siste vekene.

– Eg var tydeleg i juni på at målet er å ta imot 88 flyktningar. Det blir no jobba med ein flyktningplan, men det frustrerer meg at me ikkje har klart å opprette språkopplæring i Lærdal, slik at me kan busette i heile kommunen, seier Solheim. 

Berre dei to siste vekene har tilstrauminga av menneske frå Syria til Noreg auka. Både Integrering- og mangfoldsdirektoratet (IMDi) og Hero, som driv mottak mellom anna i Årdal, har no utfordra kommunen til å ta imot fleire flyktningar. 

– Situasjonen er så akutt og prekær i landet, at alle kommunen må ta eit større ansvar enn me vart utfordra på i juni. Denne veka har dette stressa meg. Me er avhengige av fleire enn berre kommunen, som både privatpersonar og bedrifter med ledig kapasitet. Det er viktig me lagar ein plan for dei 88 flyktningane, seier Solheim. 

Busett 16 personar så langt – står på bustader

Rådmann Alf Olsen jr. fortel at utfordringa er å sikre at ein har eit apparat for å ta imot flyktningane. Hovudfokuset til no har vore å ta imot dei som kjem på ein best mogleg måte. Det er kome ein familie på tre frå Syria, og til no er 16 menneske busette i kommunen.

Rådmannen fortel det er laga eit førsteutkast til ein flyktningplan, som det vil vera fornuftig å samkøyra med øvrige budsjett- og planprosessar. Det blir også jobba på fleire plan for å få til norskopplæring, men løysinga ligg enno ikkje på bordet. Likevel er mangel på bustader den største utfordringa og her må kommunen ta eit ansvar om ein skal koma vidare.

Les også: Mangel på bustadar til flyktningar

– BUSTADER DET STÅR PÅ: Rådmann Alf Olsen jr. fortel at det blir jobba med å få på plass ein plan for flyktningane.
– BUSTADER DET STÅR PÅ: Rådmann Alf Olsen jr. fortel at det blir jobba med å få på plass ein plan for flyktningane.

Nasjonal dugnad - må bidra

– Me har no fått innspel på kor mange bustader me treng per år, noko som blir lagt inn i økonomi- og handlingsplanen. Men me er avhengige av politiske vedtak som ryggdekning vidare, då dette har økonomiske konsekvensar. Dette er ein nasjonal dugnad, me må bidra så godt me kan, men også vera realistiske med tanke på framdrift og kva me evnar å ta imot, seier rådmannen.

Flykningkonsulent Dag Terje Kavlie tok for seg nokre utdrag frå førsteutkastet til flyktningplanen, der han legg vekt på at det er viktig å fordele ansvar. 

– Har du ein plan som treng vedtak for å ta imot dei 28 flyktningane frå Syria, skal me få til det fort. Det sa me alt under forrige spørjetime, seier Solheim til Kavlie.

– Dette er ei større krise enn brannen

Avdem er nøgd med at det blir jobba, men framleis undrar ho seg over at ikkje formannskap og kommunestyret har vore innkalla til ekstra møte eller vorte brukt til praktisk arbeid slik som etter storbrannen. Ho meiner kommunen ikkje kan skulde på at det stoppar opp ved at ein ikkje har fått til språkopplæring i Lærdal, då det virkar som opplæringa i Sogndal er god. Ho peikar også på at det er kommunale hus som ikkje er seld, som kanskje kunne vore nytta, og at ein rett og slett må vera kreativ. 

– Flyktningplanen kjem på botnen, det er oss menneske som må gjera jobben. Me må engasjere oss. Det er ei krise, som eg vil seie er større enn brannen. Dette er ikkje normale tilstandar, kanskje må me tola å vera litt overbelasta. Eg etterlyser at me bretter opp ermene. Det er vår jobb og vårt ansvar, og eg hadde sett positivt på å bli brukt, men eg har ikkje fått sjansen, seier Avdem, som hadde sin siste dag som kommunestyrerepresentant torsdag. 

– Standarden til bustader er no senka denne veka

Solheim seier han har vurdert å bruke formannskap og kommunestyret. Men at den store frustasjonen over mangel på bustader er noko av grunnen for at han har vore oppteken av å få til språkopplæring i Lærdal. Med språkopplæring i Lærdal, kan ein busette i heile kommunen, ikkje berre på Lærdalsøyri slik som no. 

– Ledige hus på til dømes Ljøsne kan ikkje bli nytta med språkopplæring i Sogndal, då transport er ein avgrensande faktor. Det er fleire døme på hus oppover bygda som står tomme. Denne veka har ein senka standarden for bustader ein kan busette flykningar i, slik at det no kan vera mogleg å nytte til dømes campinghytter i ein overgangsperiode. Me har ikkje hatt denne moglegheiten før no, seier ordføraren, som legg til at både hotell og campingplassar no blir kontakta. 

Solheim seier at no blir kvart slikt tilbod vurdert og kommunen skal levere ein oversikt over moglege bustader til neste fredag, 23.oktober. Det gjer at ein også må ut på nettsida til kommunen og Facebook, for å høyre med alle som har rom til råde. 

– Bustadsituasjonen er avgrensande for meir enn berre flyktningar i Lærdal. Men her skal samfunnet brette opp ermene. Me skal ikkje vera bremsekloss og det skal heller ikkje det nye kommunestyret, seier Solheim. 

Til toppen