ÅRETS BEDRIFT: Avery Dennison NTP.
ÅRETS BEDRIFT: Avery Dennison NTP. (Foto: Linda Watten)

Avery Dennison NTP blei Årets bedrift i Luster

Vann prisen på nytt etter 25 år.

Gaupne: Utdelinga av prisen ”Årets bedrift i Luster” er ei årleg tilskiping på Lustramarknaden.
 
I år 2019 er det 29. gongen denne utmerkinga vert delt ut.
 

– I år går prisen til eit godt etablert føretak. Det er ei verksemd som er vorte ei hjørnesteinbedrift i Luster kommune. Det er ei bedrift som har vore kåra til Årets bedrift før, i 1994. Årets bedrift er Avery Dennison NTP, sa Ivar Kvalen frå scena. 

Dette sa Ivar Kvalen i talen sin om NTP:

Norsk transferproduksjon eller NTP vart skipa i 1988. Det var grunderen Atle Gandrudbakken som sto bakom etableringa av NTP og var leiar til 2013. 

NTP har heile tida hatt sitt forretningsområde innafor utvikling og produksjon av transfers, det vil seie merker som vert limt på tekstilar. 
 
NTP hadde ein stabil vekst gjennom 90-talet, og hadde ca 40 tilsette ved årtusenskiftet. 
Så i 2002 vart selskapet kjøpt av det amerikanske konsernet Paxar. Veksten og utviklinga heldt fram og i 2007 vart det store amerikabaserte internasjonale selskapet Avery Dennison eigar. Frå 2015 har Tom Dyrdal vore dagleg leiar.
 
Utviklinga ved NTP har vore stor dei siste åra. I 2002 var omsetninga 40 mill kr, og i 2018 var omsetninga vel 180 mill kr og budsjettet for 2019 er over 200 millionar. Selskapet har og hatt store overskot dei siste åra. 
 
I 2010 produserte NTP mellom 9 og 10 millionar merker, i 2019 vil produksjonen nærme seg 30 millionar merke.
Det er no vel 140 årsverk ved NTP og nett no i desse dagar er 170 personar på lønningslista.
 
NTP er ei internasjonal bedrift. Det er internasjonale eigarar, ca 50% av produksjonen går til utanlandske marknader og nett no har selskapet ca 40 medarbeiderar frå utlandet frå 14 ulike nasjonar.
 
Mange av dei utanlandske tilsette har spesiell kompetanse som er vesentleg for NTP. Mange av desse har vore ved bedrifta over lengre tid.
NTP har og hatt eit godt fokus på å integrere og ta vare på dei utanlandske arbeidstakarane. Dei har og hatt fleire flyktningar i jobb i verksemda.

Ei honnørutmerking

Det er næringsutvalet i Luster kommune som avgjer kven som får prisen.  
I statuttane for tildelinga står det mellom anna:
«Prisen som årets bedrift er ei honnørutmerking. Prisen vert delt ut til ei bedrift som på ein positiv måte har utmerka seg. Prisen kan gå til etablerte føretak og nyetableringar»
 

– Eg vil  takka for prisen, og påstå det er veldig moro å driva ei bedrift der ingen skulle tru at nokon kunne driva produksjon. Eg trur det skapar mykje entusiasme, og så veit eg at det er mange NTP-arar som skal feira denne prisen i kveld, på Lustrabalder, sa dagleg leiar Tom Dyrdal etter å ha teke i mot prisen.

Til toppen