AVERY DENNISON NTP: Nye rekordar for suksessbedrifta i Gaupne.
AVERY DENNISON NTP: Nye rekordar for suksessbedrifta i Gaupne. (Foto: Privat)

Avery Dennison NTP med nye rekordar for 2017

Avery Dennison NTP i Gaupne legg bak seg eit godt år med rekordar på både omsetnad og resultat

Luster: Avery Dennison NTP held fram med sterk vekst i både heimemarknad og eksportmarkand i 2017, det skriv Avery Dennison NTP i ei pressemelding.

Total omsetnad for 2017 enda på 154,5 millionar som er ny rekord for selskapet og 10% betre enn 2016. Overskotet enda på 25 millionar før skatt. 

– At NTP som aktør i ein moden marknad, og med utfordringar når det gjeld logistikk, kan levere tal frå 2017 som knuser fjoråret er ekstremt sterkt, det seier Tom Dyrdal, dagleg leiar.

Årsaka til suksess er engasjerte tilsette

Dyrdal meiner årsaka til suksessen er eine og aleine flinke folk i alle ledd.

NØGD: Dagleg leiar, Tom Dyrdal, er svært nøgd med rekordane dei har oppnådd i 2017. Foto: Avery Dennison NTP

– Me har engasjerte og kunnskapsrike tilsette, og når dei får lov til å utfalde seg får me gode resultat. Me ser det igjen i innovasjonsarbeidet, systemutvikling, kvalitet og effektivitet - alle er områder me har blitt sterkare på utan bruk av eksterne krefter.

NTP produserer, i tillegg til transfermerker, eigenutvikla råvarer i resten av konsernet. Grunna ny fabrikk i Vietnam og generell vekst i den globale marknaden auka dei salet i sine søsterselskap med knappe 25% mot 2016. Fokuset i 2017 var å redusera leveringstid og samstundes levera høg kvalitet.

– Det har me greidd utan å auka kostnadane, noko ein ser igjen på bunnlinja, seier Dyrdal.

Rask og stabil leveringstid

Fabrikksjef Lasse Norheim seier kundane ynskjer rask og stabil leveringstid.

– Omsetningsveksten syner at me har tilfredsstilt krava frå marknaden. Fokuset vidare blir å effektivisera drifta gjennom lean-tankegang og innovasjonar innan produkt og prosess, seier han.

Utvidar med "Experience Center" 

Hausten 2016 opna NTP innovasjonssenter for transfermerker i Gaupne og no er det klart at ein i løpet av året vil utvida med eit “Experience Center”.

– Etablering av experience center i Gaupne er stort for oss. Det betyr at når dei største merkevarene i verda skal lage ny kolleksjon er det til Gaupne dei skal og ikkje til LA, London eller Shanghai slik som tidlegare. Her skal me bruke NTP for alt det er verdt. Flinke folk, ny teknologi og flott natur skal trollbinde kundane. Skal me behalda arbeidsplassar i Noreg er me avhengig av å vera i front, seier Dyrdal.

Stort overskot gjev store investeringar.

I løpet av 2018 vil me investera mellom 30 og 50 millionar i ny produksjonsutstyr, samt bruka 10 millionar på forsking og utvikling. Med lønnsom drift og stort overskot har me gjeve oss sjølv retten til å investere for framtida.

Større grad av automasjon og digitalisering gjer at bedrifta vinn både i Noreg og Europa.

– Maskiner åleine er ikkje heile svaret. Det er kombinasjonen av ny teknologi og flinke folk som vil verta avgjerande. All ære til våre tilsette som gjer det mogleg å ha arbeidsintensiv produksjon i høgkostland og samtidig vinna i den globale marknaden, avsluttar Dyrdal.

Til toppen