REKORDOMSETNING: Avery Dennison NTP hadde ei omsetning på 140,4 millionar kroner i fjor. Det er ny rekord. Foto: Avery Dennison NTP.
REKORDOMSETNING: Avery Dennison NTP hadde ei omsetning på 140,4 millionar kroner i fjor. Det er ny rekord. Foto: Avery Dennison NTP. (Foto: Halvor Farsund Storvik)

Avery Dennison NTP sette ny rekord i fjor

Selskapet legg bak seg eit år med omsetningsrekord og eit solid overskot.

Gaupne: Den gode veksten held fram både i heimemarknad og eksportmarknad i 2016 for Avery Dennison NTP på Gaupne. Total vekst på sal av transfermerker var på over 8 millionar samanlikna med 2015.

Då var var omme, enda selskapet med ei total omsetning på 140,4 millionar kroner, noko som er ny rekord. I tillegg hadde dei eit solid overskot på 16,6 millionar før skatt.

STERKT: Dagleg leiar Tom Dyrdal seier det er ekstra sterkt av dei tilsette å sette ny omsetningsrekord etter det gode året dei leverte i 2015.
STERKT: Dagleg leiar Tom Dyrdal seier det er ekstra sterkt av dei tilsette å sette ny omsetningsrekord etter det gode året dei leverte i 2015.

– 2015 var eit år der me slo alle tidlegare rekordar, då er det ekstra sterkt av dei tilsette på NTP å levere på denne måten året etter til tross for auka konkurranse både i heime- og eksportmarknaden. Me held fram med å ta marknadsdeler på grunn av at me har det beste produktet, dei beste systema og høgast kompetanse innanfor vår bransje.

– Me brukte 8 millionar på forsking og utvikling i 2016, for nettopp å auke kompetanse, betre produktet og utvikle interne- og eksterne IT system. I 2017 vil me auke fokuset på FoU for å sikre at me er i front av resten av marknaden, seier dagleg leiar Tom Dyrdal. 

Difor auka produksjonskostnadene

I tillegg til transfermerker produserer NTP eigenutvikla råvarar til resten av konsernet. Denne marknaden gjekk noko ned i fjor, men det er venta at omsetninga skal ta seg opp i 2017 då ny fabrikk i Vietnam stod klar hausten 2016.

Fokuset i fjor dreia seg om å redusere leveringstida og samstundes levere høgare kvalitet, noko som gjorde at produksjonskostnadene auka.

– Kundane ønskjer rask og stabil leveringstid, og omsetningsveksten viser at me har tilfredsstilt krava frå marknaden. Fokuset vidare blir å effektivisere drifta gjennom lean-tankegang og innovasjonar innan produkt og prosess, seier fabrikksjef Adis Cengic. 

Artikkelen held fram under biletet.

FOKUS PÅ LEVERINGSTID: – Kundane ønskjer rask og stabil leveringstid, og omsetningsveksten viser at me har tilfredsstilt krava frå marknaden, seier fabrikksjef Adis Cengic.
FOKUS PÅ LEVERINGSTID: – Kundane ønskjer rask og stabil leveringstid, og omsetningsveksten viser at me har tilfredsstilt krava frå marknaden, seier fabrikksjef Adis Cengic.

Innovasjonssenter for transermerker

Hausten 2016 opna NTP innovasjonssenter for transfermerker i Gaupne, og ser allereie effekten av dei nye fasilitetane gjennom kortare tid frå ide til marknad.

– Utviklinga har aldri skjedd så raskt som i dag, men vil heller aldri gå så sakte igjen – så skal me behalde arbeidsplassar i Noreg er me avhengig av å leia marknaden og ikkje følgje etter, seier Dyrdal og peikar på at dei også er stabile på tilsettefronten.

Dei siste to åra har bedrifta delt ut sju gullklokker til tilsette med 25 år i jobben. Det er spesielt for ei bedrift som har eksistert i 29 år.

– Me har mange tilsette som har vore med oss i mange år og det gjev oss ein spesialkompetanse som er eit varig konkurransefortrinn. All æra til våre tilsette som gjer det mogleg å ha arbeidsintensiv produksjon i høgkostland og samstundes vinna i den globale marknaden, seier Dyrdal.

Til toppen