Aurland: Som me skreiv for åtte dagar sidan, vurderte investorane bak Green Data Center å droppa planane om eit datasenter i Aurland. Årsaka var uvissa rundt elavgifta.
Konsesjonskraft og datasenter
- I Aurland blir det produsert i underkant av 3 GWh vasskraft.
- Kommunen kan ta ut ti prosent av denne i form av konsesjonskraft, til ein gunstig pris. Men kommunen kan ikkje ta ut meir enn det lokale forbruket.
- I Aurland ligg det lokale forbruket under ti prosent av produksjonen. Krafta dei ikkje kan nyttegjera seg av, går førebels til fylkeskommunen.
- Avtalen med Green Data Center ville ha gjort at kommunen kunne ha tatt ut enno meir konsesjonskraft, og seld ho med forteneste til selskapet. I tillegg ville dei ha fått leigeinntekter.
Ifølgje Sogn Avis fekk kommunen torsdag stadfesting på at planane no er droppa.
– Me har i dag fått varsel om at Green Data Center vil tre ut av avtalen dei har med Aurland kommune, seier rådgjevar Tor Mikkel Tokvam i teknisk etat til avisa.
I desember vedtok stortinget å innføra full elavgift til datasenter som driv med utvinning av kryptovaluta. Forslaget er no på høyring, men målet er at avgiftshoppet skal tre i kraft 1. mars.
Vedtaket har gjort det langt mindre attraktivt for utanlandske datasenter-aktørar å etablera seg i Norge. Den kjølna interessa for industribyggjet i Vassbygdi er nok eit døme på dette.