FÅR FRED: Vinterjakta på rype denne sesongen blir svært avgrensa. Arkivfoto: Ole Ramshus Sælthun
FÅR FRED: Vinterjakta på rype denne sesongen blir svært avgrensa. Arkivfoto: Ole Ramshus Sælthun

Avgrensar vinterjakt på rype

Store område blir stengde for rypejakt i vinter, medan dei opne jaktområda blir kvoteregulerte, melder Statskog.

– Vi brukar den kunnskapen vi har, og legg til grunn eit føre-var-prinsipp, seier Krisitian Eiken Olsen som er fungerande fagsjef for jakt og fiske i Statskog.

Rypejakta har djupe røter blant jegerar i store delar av Noreg, men i vinter blir det kvotar på berre éi til to ryper. Bakgrunnen er at mange ryper blei skotne under haustjakta i tillegg til rypeteljing før jakta.

– Med 1700 kilometer med takseringslinjer har Statskog mest informasjon i landet når det gjeld utviklinga i rypebestanden. Teljingane gir oss ein viktig peikepinn og vi held teljingane opp mot talet på ryper som blir skotne i dei same områda, seier Eiken Olsen.

I så å seie alle jaktregionane i Noreg er det skote fleire ryper i 2016 enn i 2015.

Til toppen