ERSTATNING: For å få erstatning for tapt avling på grunn av klima, er det eit absolutt krav at bøndene melder frå til kommunen i tide, presiserer Landbruksdirektoratet.​ Illustrasjonsfoto: Jan Christian Jerving.

Avlingsskade må meldast tidleg

For å få erstatning for tapt avling på grunn av klima, er det eit absolutt krav at bøndene melder frå til kommunen i tide, presiserer Landbruksdirektoratet.

Lærdal: I ei melding på eigne nettsider minner direktoratet om at bøndene må melda frå til kommunen straks dei blir klar over at det har skjedd ein skade eller kan oppstå ein skade på grunn av klima.

– Du har ikkje krav på erstatning dersom melding om skaden ikkje blir gjeven i rett tid, skriv direktoratet og slår fast at regelen blir praktisert strengt.

Grunnen er at kommunen skal ha høve til å kontrollera at avlingsskaden har skjedd på grunn av klima.

Fristen for å søkja om avlingsskadeerstatning neste gong er 31. oktober. (©NPK)

Til toppen