AVLYST: Alle temafestar i fadderveka blir avlsyt.
AVLYST: Alle temafestar i fadderveka blir avlsyt. (Foto: Linda Watten)

Avlyser alle temafestar i fadderveka: – Me må tenkja alternativt

Styret i Studenthuset Meieriet har bestemt seg for å gjera store endringar i programmet for faddervekene.

Sogndal: – Me forstår at mange tykkjer dette er kjipt. Dei siste dagane har det kome fleire kontrabeskjedar, som er banskelege å forholda seg til. Styret har teke til seg deira tilbakemeldingar om at opplegget vårt ikkje har den sosiale effekten som me ynskjer å sjå i faddervekene. Nokon tilbod må settast på vent til smittesituasjonen i samfunnet er annleis. Temafestane i fadderveka blir difor avlyst, og dei gjenverande konsertane blir sittekonsertar, skriv Studenthuset Meieriet på Facebook.

 I innlegget sitt viser dei til ei pressemelding som tidlegare har blitt sendt ut. Der skriv styret at dei har bestemt seg for å endra programmet for faddervekene. Bakgrunnen for dette er å vera føre var, og fortsetja å sørga for ei fadderveke som legg grunnlag for godt læringsmiljø og sosialt samhald.

– Faddervekene som konsept er svært viktig for studentane sin trivsel, læringsmiljø og psykiske helse. Dei første dagane har vist at det planlagte programmet ikkje har gitt den sosiale effekten me ynskjer å sjå i faddervekene. Med dei smittevernkrava me har no, må me tenkja alternativt for å gi medstudentane våre et trygt, samlande og inkluderende tilbud, seier styreleiar, Mari Ingeborg Bjor Hognestad.

Nye aktivitetar

No nullstiller arrangørane seg, og faddervekene vil fortsatt bli gjennomført. Programmet skal tilpassast slik at det gir den ønska sosiale effekten, samstundes som gjeldande råd frå helsemyndigheitene blir følgt.

– Studentane i Sogndal har eit felles ansvar for å ta vare på byga vår. Det å hindra smittespreiing har blitt ein del av dette ansvaret. Derfor oppmodar Studenthuset Meieriet alle våre medstudentar til å bli med oss på å gjennomføra faddervekene på ein måte som bidreg til sosialt samhald, utan å gå på bekostning av smittevernet.

I løpet av dagen vil det koma eit nytt ptogram for faddervekene, med fleire lågterskel arrangement for mindre grupper.

– Me håpar at det nye opplegget bidreg til trivsel, godt læringsmiljø og sosialt samhald for dei nye studentane. 

Til toppen