TILTAK: Gulen kommune jobbar hardt for å sikre tenestene innan pleie og omsorg.
TILTAK: Gulen kommune jobbar hardt for å sikre tenestene innan pleie og omsorg. (Foto: Vilde Grimelid Oppedal/arkivfoto)

Avlyser politiske møte og omdisponerer personell for å sikre pleie- og omsorgssektoren

Gulen kommune har førebels ingen registrerete smittetilfelle av koronaviruset, men situasjonen er likevel allereie utfordrande for kommunen. Særleg innan pleie- og omsorgssektoren, ifølgje kommunedirektøren.

Gulen: Kommunen publiserte tysdag den første statusrapporten kring koronasituasjonen på heimesida. Alle politiske møte er førebels avlyste, noko som i første omgang gjeld formannskapsmøtet 26. mars og kommunestyremøtet 2. april. 

– Vi bestemte oss for å kansellere møta i går. Det har med den generelle oppmodinga å gjere om å unngå å samle folk, men det er også fordi alle ressursane i kommunen som skulle gått til sakshandsaming går med til koronasituasjonen. Vi rekk ikkje handsame sakene til møtet, seier kommunedirektør Reidun K. Halland. 

Ho seier at folk generelt må rekne med at sakshandsaminga vil ta lenger tid. 

– Samstundes ser vi at mengde saker som kjem inn går ned, så vi håpar dette ikkje betyr all verda for kapasiteten. I så fall vil folk få beskjed, seier ho. 

Sjølv om kommunen ikkje har nokon smittetilfellen førebels, er det nokre som sit i reisekarantene. 

Krevjande i pleie og omsorg

Nye retningslinjer som seier at personell innan pleie- og omsorgssektoren som er litt småsnufsete skal halde seg heime som eit førebyggjande tiltak, gjer situasjonen krevjande for kommunen. 

– Det er ein god grunn til denne regelen, men vi ser at det påverkar drifta vår allereie før vi har fått vårt første smittetilfeller, så då kan ein lurer på korleis fortsettelsen vert, seier Halland. 

Kommunen er i gang med å omdisponere personell frå einingar som no er stengde og inn i pleie og omsorg. 

– Vi skal ha møte med dei tillitsvalde torsdag der vi skal gå gjennom korleis vi kan gjere dette. Vi har personell i barnehage, SFO og reinhald som no er frigjorde sidan aktiviteten er trappa ned der. I tillegg prøver vi å sjå om det er anna personell som kan frigjerast og flyttast over til pleie og omsorg, seier kommunedirektøren. 

Per no har kommunen dekka vakter for dei komande sju dagane. 

– Sjølv om ikkje behovet er der i starten av neste veke, vil vi setje inn folk slik at vi kan starte opplæringa. Eg håpar vi får oversikta i løpet av dagen over kor mange vi kan frigje, seier Halland. 

I tillegg vil kommunen kontakte nyleg pensjonerte arbeidstakarar frå sektoren for å spørje om dei kan jobbe igjen. Frivillige lag og organisasjonar er også bedne om å gje tilbakemeldingar om i kva grad dei kan hjelpe. 

Kommunehuset er stengt

Kommunehuset i Eivindvik er no stengt for publikum. Tysdag kom det også beskjed om at dei fire bu- og omsorgssentera i kommunen vert stengde for publikum. Frå før er sjukeheimen stengt for besøkande. 

– Vi har framleis tilsette på alle einingane som jobbar på kommunehuset, men nokre har heimekontor. Alle som sit i kriseleiinga er til stades, seier Halland. 

Har brukt tid på å skaffe informasjon

Kommundirektøren skriv på heimesida at det har vore krevjande at det ikkje er ein einstydande informasjonskanal til kommunen. 

– Det har vore eit tydeleg potensiale for betring kring informasjonen som har gått ut til kommunane, men alle har måtte innrette seg til å tenkje på nye måtar. Det har byrja å komme seg, seier Halland. 

Ho seier at kommunen blant anna har brukt mykje tid på å hente inn informasjon om dei nye tiltaka som har blitt lanserte på pressekonferansar. 

– Vi hadde håpa å få denne informasjonen skriftleg i staden for å måtte leite i media etter kva tiltaka eigentleg innebar for oss, seier Halland. 

Etter at kommunen har etablert jamnlege statusmøte med Fylkesmannen, har det vore lettare å få informasjon. 

– No får vi informasjon der frå der det er samla lenkjer og tilrådingar knytt til kvart fagfelt, seier Halland.

Til toppen