- KJIPT: Arrangør Inge Njøten er skuffa over å måtte avlysa konserten, men håpar å få Staysman og Lazz til Årdal ved eit seinare høve.
- KJIPT: Arrangør Inge Njøten er skuffa over å måtte avlysa konserten, men håpar å få Staysman og Lazz til Årdal ved eit seinare høve. (Foto: Sunniva Knutsen)

Avlyser Staysman-konsert grunna stengt tunnel

Tunnelbrannen i helga har fått fleire uheldige ringverknader i regionen.

Årdal: Førstkomande fredag skulle artistduoen Staysman og Lazz by årdølene på fest og moro i kulturhuset i Øvre Årdal. 

Artisten skulle koma rett frå P4 Vinterlyd i Stavanger til Bergen og køyra i bil direkte til Årdal for å spela. Den planen vart stogga av den stengde Gudvangatunnelen i Aurland. Omkøyringar over Rv Vikafjellet eller E39 Bergen-Førde ville ha teke for lang tid, og det gjekk ikkje fly frå Bergen til Sogndal.

Arrangør Inge Njøten, dagleg leiar av Tya bakeri og bar, hadde starta rigginga i salen og selt billettar før Gudvangatunnelen plutseleg vart stengd etter tunnelbrannen. 

– Dette har kverna i tankane sidan laurdag. Det har vore nokre netter med lite søvn sidan laurdag, seier han. 

Tung avgjerd

Etter mykje om og men tok Njøten den tunge avgjerda om å avlysa arrangementet tysdag ettermiddag.

Rett før klokka 16 same dag varsla Statens vegvesen at Gudvangatunnelen kan bli opna klokka 17 førstkomande fredag. 

AVLYST: Artistduoen Staysman og Lazz skulle spele opp til fest og moro i kulturhuset i Årdal fredag. Det vert ikkje noko av. Foto: Pressefoto

Då Porten.no ringer med beskjeden frå Statens vegvesen, har dagleg leiar Inge Njøten nett refundert pengane for dei førehandsbestilte billettane og avlyst arrangementet.

– Det er jo typisk dersom tunnelen blir opna, no når me endeleg har teke ei avgjerd. Det er kjempekjipt. Eg trur dette hadde blitt ein kjempefest, seier han. 

Beskjeden frå Statens vegvesen kom i siste sekund, og Njøten meiner likevel at det ikkje er godt nok. 

– Dei seier ikkje at tunnelen faktisk blir opna fredag klokka 17. Dessutan hadde det nok blitt mykje trafikk og køar, og med det som allereie var eit tett program ville det truleg ikkje ha gått. Me kan ikkje ta den sjansen, seier Njøten. 

Vil finna ny dato 

Njøten fortel at han har vore i tett dialog med managementet til artisten sidan tunnelbrannen, og medan han tviheldt på håpet om at konserten framleis kunne bli realitet, måtte dei ta eit val. 

– Det heng saman både med varbestilling og billettsal. No er plakatene tekne ned, og me har stoppa heile prosessen. 

Njøten fortel at managementet er veldig positive til å finne ein ny dato for at ein konsert med Staysmann likevel kan bli ein realitet. 

– Han er booka lang veg fram, men eg håpar me klarar å få til ein ny dato. 

Til toppen