Sogndal: Like etter midnatt vart ein bil avskilta på Kaupanger på grunn av at den ikkje var framstilt for pålagt kontroll. Det opplyser politiet om på Twitter.
Ved halv to tida vart det meldt om slossing og bråk ved ein utestad i Årdal. Kamphanane hadde ordna opp før politiet kom på staden.
I tre tida måtte politiet rykkje ut til ein bustad i Balestrand. Her var det usemje mellom fleire berusa personar.