Avslutta 90-årsjubileumet med ompamusikk

I år er det 90 år sidan Lærdal musikklag starta opp, og det vart avslutta med ein ekte oktoberfest.

Erdal: Oktoberfesten fann stad i ungdomshuset i Erdal. Her var også musikklaga frå Flåm/Aurland og Årdalstangen med. 

– Her skal me ha brus- og pølsefest og endå meir ompamusikk, annonserte Erling Arvik Hovland etter at musikklaget hadde opna med kjente innslag som «Raindrops falling on my head» og «Georgie on my mind».

Les også: 90 år med korpsmusikk skal feirast

Årdalstangen musikklag med Oddgeir Øren fekk opp farten ytterlegare. Øren klappa og trampa opp stemninga så ein nesten kunne høyre det inn på Lærdalsøyri.

Rockepoet underhaldt

Flåm Musikklag med reservedirigent Anders Mo avslutta programmet med koropsmusikk før det var servert ekte tyske pølser. 

Men kvelden var enno ung, for ompamusikken var berre ei oppvarming til rockepoeten Tom Roger Aadland. Han er kanskje ikkje kjend for dei fleste, men då han gav ut den førre plata si, kom songen «Min beste ven på ein dårleg dag» plass på A-lista til P1. 

Les også: Korpsmusikk i vakker lærdalsnatur

Plata har fått strålande kritikkar, der ein hevda Aadland var «ein låtskrivar og formidlar i særklasse», som hadde levert eit av haustens beste album.

Ikkje fullt

Det var ikkje fullt i Erdal ungdomshus denne kvelden, noko leiaren i Lærdal musikklag sukka litt over.

– Folk burde kjent si besøkelsestid. Det er litt skuffande med så lite publikum. Det er vanskeleg å arrangera når folk ikkje kjem, seier ho, men skryt veldig over eigne folk, som ho skildrar som ein livleg gjeng som står for topp underhaldning.

No er det under to månader igjen til jul, så no går musikklaget tilbake i arbeid for å førebu seg på adventskonsertar. 

Til toppen