Avslutta året med intimkonsert for foreldra

Musikk- og kulturskuleelevar på Tangen skule inviterte til intimkonsert for foreldre og kjende i gymsalen på skulen.

Årdalstangen: Sjølv om det store avslutningskonserten i 40-årsjubileet var torsdag i førre veke, var det ikkje heilt slutt på konsertane til kulturskulen i Årdal. Sidan nokre av elevane ikkje hadde moglegheit til å vere med på avslutninga, fann lærar Valeria Hristova ut at ho ville invitere til ein liten intimkonsert.

– Ikkje alle elevane var med på avslutningskonserten, men alle foreldre fortener å høyre barna sine som har vore med heile året og øvd. Som tradisjon spelar me ein julekonsert i desember, og i år vart det også ein avslutningskonsert, fortel ho.

Sjå bilete frå konserten i galleriet øvst i artikkelen.

TRADISJON: Hristova og Ypma tenkjer ein slik avslutningskonsert kan bli ein tradisjon.
TRADISJON: Hristova og Ypma tenkjer ein slik avslutningskonsert kan bli ein tradisjon.

Hristova hadde med seg sine elevar og inviterte med kollega Freek Ypma og hans elevar. Resultatet vart ein variert og god konsert med saksofon, fløyte, piano og song.

– Eg tykte det gjekk veldig bra. Eg merkar at dei er litt meir avslappa når det ikkje er eit stort opplegg. Dei var ikkje nervøse, men rolege og sjølvsikre. Eg fekk høyre ein del som eg ikkje har høyrt før, og det lovar bra for framtida, seier Ypma.

Kulturskulen har god forankring i lokalsamfunnet med godt over 200 elevar. 

– Han har ein funksjon i lokalsamfunnet og gir barn høve til å lære seg instrument og song for ein forholdsvis rimeleg penge. Når eg snakkar med eldre, så fortel fleire at dei ikkje hadde høve til å lære seg instrument fordi det berre var privat og for dyrt. 

Til toppen