MÅL I SIKTE: Truls Hovland sikra Årdal 1-0 mot Stryn.
MÅL I SIKTE: Truls Hovland sikra Årdal 1-0 mot Stryn. (Bilde: arkiv)

Avslutta haustsesongen med siger

Årdal - Stryn: 1-0

Årdal: Det var Truls Hovland som sendte Årdal i leiinga mot Stryn i dagens kamp på heimebane.

Trenar Ivan Øy seier til Porten.no at det er greitt å avslutta med ein siger mot eit lag som har lege i toppen heile sesongen. 

Det var ein tett kamp der laga hadde kvar sin omgang. Hovland scora i første omgang, der Stryn hadde ballen mest. I andre omgang var det Årdal som tok over og skapte mest sjansar.

 Øy sier dei har vunne ein fortjent seier, og har gjennomført ein god haustsesong

Fjøra tapte mot Førde

Like bra gjekk det ikkje for Fjøra, som i dag møtte Førde på bortebane. Tapet var 3-1 mot Førde.

Trenar Knut Johan Almås seier til Porten.no at det var ein kamp med svært mange tilfeldigheter.

– Det var ei tung grasbane. Sjølv om vi låg under 3-1 til pause, hadde det ikkje vore noe å seie om det hadde stått 3-3 til pause, seier Almås. 

Han seier dei produserte mange sjansar som burde gjeve utteljing. 

Andre omgang vert ein parodi av ein fotballkamp med ei regnfull bane. 

– Spelarane stod på og arbeida hardt heile kampen, avsluttar Almås. 

Til toppen