Avslutta kulturskuleåret med musikal

Elevane ved kulturskulen i Lærdal slo til med både drama og musikk i den sjølvskrivne musikalen «Koffert» denne veka. Sjå fotogalleri!

Lærdal: – Eg tykkjer det gjekk så bra, og eg er svært stolt av elevane min, seier kulturskulelærar Elizabeth Stewart Søvik.

Elevane ved kulturskulen i Lærdal har i vinter og vår jobba med musikalen «Koffert». Dei har skrive stykket sjølv, og denne veka framførde dei både song og drama for foreldre og andre i Lærdal.

– Alle elevane gjorde ein fantastisk jobb, men særskild dei to hovudrolleinnehavarane Stephanie R. Hiller og Amanda Avendano imponerte meg voldsamt. Dei går i femte klasse, og stykkjet er skrive for litt eldre elevar. Så dei har steppa inn og løyst dette svært godt, seier Stewart Søvik.

Dårleg junivêr skapte trøbbel

I tillegg skapte humørsjukt junivêr ekstra utfordringar for lærarar og elevar – då framsyninga skulle gå av stabelen onsdag bles og regna det godt i Lærdal, og musikalen måtte flytta frå Kvammegården til kulturhuset.

– Dette gjorde at me måtte nytta vanleg mikrofon med leidning i staden for trådlause myggar. Og når du har seks mikrofonar som skal nyttast av ti skodespelarar blir det lett problem. I tillegg var det første gong dei gjennomført stykket med band, og i tillegg var mange av dei unge, frå tredjeklasse. Men dei fiksa alt, så eg er så stolt, seier Stewart Søvik. grunnopplæringa også, 1. og 2. klassing.

Då Porten.no var innom hadde elevane generalprøve berre ein liten time før sjølve framsyninga, og stemninga var noko stressa

– Jau, det blir fort dønn kaotisk i framkant i slike tilfeller, men eg tykte det gjekk bra, seier kulturskulerektor Magne Grøttebø.

Dei yngste stod for førspel

Med generalprøve gjennomført strøyma publikum til, og før sjølve musikalen starta, hadde dei heilt yngste elevane i 1. og 2. klasse i kulturskulen framsyning med sketsjar og musikk. 

– Det vart eit førspel før musikalen – sjølve stykket tok ikkje meir enn 40 minuttar, så slik vart heile programmet ein heil time ved at me kopla inn noko som grunnopplæringa har drive med, seier Grøttebø.

Sjølve musikalen handlar om to søstrer som har vore på ferie og ingen av dei gidd å pakka ut kofferten – etter tre veker står den framleis uopna. Det vil seia, dei har opna den kvar for for seg for å ta ut akkurat det dei treng sjølv, men å pakka den heilt ut er uaktuelt – det bør den andre ta seg av.

Så difor blir den ståande.

– Moralen er at vaksne folk kranglar om veldig små ting, så blir det blåst opp, og ein ser gjerne i etterkant at dette var eigentleg for dumt, seier Stewart Søvik.

Ho tykkjer ein ting var eit spesielt godt vitnemål på at musikalen var ein suksess:

– Ungane i publikum sat heilt stille, så innhaldet passa tydelegvis veldig godt.

Til toppen