Sogndal: Leiar for Studentleikane i Sogndal, Birte Sunde Leirvåg, seier til Porten.no at leikane har vore eit heilt fantastisk arrangement.
– Vi har hatt tre dagar med åtte ulike idrettar som som vart avslutta med bankett og overrekking av flagg laurdag.

Gull i bordtennis
Studentleikane er det største idrettsarrangement for studentar i landet. I Sogndal vart det i tre dagar konkurrert i åtte idrettar: badminton, boblefotball, bordtennis, fotball, motbakkeløp, sjakk, squash og volleyball.
Siger i nokre av greinene gjev rett til å delta i student-EM i Portugal i 2018.
Leirvåg seier at arrangementet har vore ein stor suksess for Sogndal og studentidretten.
– Vi har fått gode tilbakemeldingar frå deltakarar, frivillige og representantar frå Noregs studentidrettsforbund.
Studentspretten i Sogndal vann «beste klubb», ein pris som vert gjeve til den klubben som har prestert best i alle greinene:
Tromsø sin tur til å overta
Leirvåg seier ho er utruleg stolt over heile styret og alle frivillige som har stått på for å få arrangementet til å gå rundt.
– Sjølvsagt er det ting som kunne vore betre, og det har vore nokre utfordringar. Men eg tykkjer vi har takla dei på ein god måte, seier Leirvåg.
No er det Tromsø sin tur å overta stafettpinnen. Leikane startar 28. februar 2018 og varer til 3. mars.