Avslutta med overnatting på Ljøsne skule

For første gong, og etter ungane sitt ønske, var det overnatting med SFO på Ljøsne skule.

– Dette er verdas beste SFO, var borna einige om under taco-middagen torsdag kveld. 

I alt 13 ungar i alderen frå 1. til 4. klasse hadde pakka soveposen og kosedyra, for dei som ville det, ja, alt som er naudsynt når ein skal overnatte på skulen.

– Eg er ikkje redd for å sova vekke frå heimen og senga mi heime, seier Knut Evjestad Blaaflat (8), som går i 2. klasse på Ljøsne skule.

– Det er første gongen er søv på skulen, men det skal nok gå fint sjølv om foreldra ikkje er med, legg klassekamerat Viktoria Helland til. 

Det blei med andre ord ei litt spesiell avslutning på skuleåret for desse elevane. Leiar for SFO på Ljøsne, Birgit Husum, var oppteken med ei anna skuleavslutning, men kom opp seinare på kvelden for å sjå korleis det gjekk.

Monika Hagheim, May Sonja Myrmel, Ida Grøthe og Britt Torill Hansen var dei vaksne som var tilstades for å sjå til at alle koste seg.

– Eg lurer på om dei blir litt trøytte til frukost. Eg reknar med det blir litt seint i kveld med litt kviskring og tisking. Det høyrer med på ei overnatting, seier Myrmel.

Overnattinga markerte slutten på SFO for no, og etter frukost og opprydding kan ungane slå ut armane og slappe av i eit par månader med sommarferie.

I løpet av denne tida står både Paris, Disneyland og Legoland på programmet for fleire av elevane. 

Til toppen