FIN SLUTT: Jotun/Årdalstangen fekk ein fin avslutning på sesongen med seksmålssiger borte mot Sogndal 2. Sogndal sitt førstelag skal spela kvallik om 3. divisjonsspel mot BSI siste veka i april. Arkivfoto
FIN SLUTT: Jotun/Årdalstangen fekk ein fin avslutning på sesongen med seksmålssiger borte mot Sogndal 2. Sogndal sitt førstelag skal spela kvallik om 3. divisjonsspel mot BSI siste veka i april. Arkivfoto

Avslutta sesongen med solid siger

– Ein behageleg kamp, seier trenar Olafur Sveinsson. No er det også klart kven Sogndal møter til kvallikspel om plass i 3. divisjon.

Sogndal/Årdal: Medan det vart 23-16-tap mot Sogndal sine beste damer før i veka, gjentok resultatet seg meir eller mindre mot dei nest beste sogndølene, berre at no var det Jotun/Årdalstangen som vann.

Les også: Tett toppkamp enda med heimesiger

 22-16 vart det nemleg til årdølene borte mot Sogndal 2 laurdag.

– Me leia tidleg og var på det meste oppe i ei sjumålsleiing. Alle fekk jamt med speletid og det var bra gjennomført av alle. 

– Nokon du vil trekkja spesielt fram?

– Eigentleg ikkje, men Ann-Iren (Hunderi, keeper, journ.anm.) var dominant i dag også – det har ho vore spesielt dei tre siste kampane.

Sogndal møter NHHI til kvallik

Dette var siste kamp for sesongen, og fasiten blei 2. plass i 4. divisjon avdeling 2 for Jotun/Årdalstangen. Det enda med 13 sigrar og fem tap, altså 26 poeng. 

Sogndal har for lengst vunne avdelinga; dei har no 30 poeng, og dessutan to kampar att å spela. Dei skal møta nummer 2 avdeling 1 i 4. divisjon region Vest til kvalifisering om 3. divisjonsspel. Dette er hordalandsavdelinga, og den vart avgjort i dag – NHHI (idrettslaget til Norges Handelshøyskole) vann seriefinalen mot BSI (Bergen studentidrettslag) med fire mål.

Det tyder at Sogndal møter BSI til kvallik siste veka i april medan NHHI rykkjer direkte opp til 3. divisjon. Aurland rykkjer ned frå 4. divisjon, avdeling 2 i region vest. 

Til toppen