AVSLUTTA MED TAP: Halvor Neset og Jotun/Årdalstangen/Årdal 2 avslutta sesongen med tap for Bjørn og endar dermed truleg på ein 6. plass i 5. divisjon. Arkivfoto: Kai Wigum.
AVSLUTTA MED TAP: Halvor Neset og Jotun/Årdalstangen/Årdal 2 avslutta sesongen med tap for Bjørn og endar dermed truleg på ein 6. plass i 5. divisjon. Arkivfoto: Kai Wigum.

Avslutta sesongen med tap

Samarbeidslaget Jotun/Årdalstangen/Årdal 2 avslutta sesongen denne veka.

Årdal: Eit par dagar før skjema spelte samarbeidslaget sin siste kamp for sesongen mot Bjørn.

Laget frå Årdal hadde sjansen til å passere Gaupne-laget på tabellen med siger, men det vart 1-5-tap, der Ruben Aspeseter scora årdølenes einaste.

Dermed endar truleg Jotun/ÅTIL/Årdal 2 truleg på ein 6. plass i serien med totalt ni lag i 5. divisjon. På 14 kampar har laget tatt 16 poeng.

Askvoll/Holmedal har framleis to kampar til gode, men må vinne desse med ein målforskjell på ni eller meir dersom dei skal klatre forbi. 

Samarbeidslaget var inne i ein god stim med tre sigrar på rad. Det inkluderer møtet med Askvoll/Holmedal som ikkje møtte til kamp for eit par veker tilbake. Fredag førre veka vann dei 3-2 mot Syril og øydelagde deira sjansar for opprykk.

Til toppen