STORSIGER: Samarbeidslaget bøtta inn med mål mot Hyllestad/Dale 2 onsdag. Anders Lereng (biletet) scora tre, her frå møtet med Askvoll/Holmedal. Arkivfoto: Jan Ove Skjerping. 
STORSIGER: Samarbeidslaget bøtta inn med mål mot Hyllestad/Dale 2 onsdag. Anders Lereng (biletet) scora tre, her frå møtet med Askvoll/Holmedal. Arkivfoto: Jan Ove Skjerping. 

Avslutta vårsesongen med kalassiffer

Etter tapet for Bjørn, fekk samarbeidslaget seg ein skikkeleg opptur. 

Årdal: Samarbeidslaget har vore i aksjon to gonger denne veka med blanda utfall. Måndag vart det 1-3-tap for Bjørn, men eit fint plaster på såret var det å sende Hyllestad/Dale 2 heim att med ni mål i sekken.

Ruben Aspeseter, Endre Kauppi Straumsheim, Anders Lereng, Marius Loftheim, Kenth Lægreid og Sander Øvstetun noterte seg for scoringar mot botnlaget i 5. divisjon.

Heimelaget fekk dermed endeleg skikkeleg hol på byllen etter berre å ha scora eitt mål i alle kampar bortsett frå ein så langt denne sesongen.

Også mot Bjørn blei det berre ei scoring. Då var det nevnte Øvstetun som kom på scoringslista, men det hjelpte lite då Bjørn tok sjansane dei fekk og putta tre. 

Årdølene kan dermed sjå tilbake på ein solid vårsesong, der dei har helde nullen i fem av sju kampar og slept inn berre fem mål – alle på bortebane. Det sender laget opp på ein 2. plass med 13 poeng, men Syril kan fort gå forbi dersom dei slår Hyllestad/Dale 2 i sin siste kamp. Då vil dei innta tabelltopp med 16 poeng.

No er det sommarferie for 5. divisjon. Neste kamp er 15. august. I 3. divisjon gjenstår det framleis éin kamp. Førstelaget avsluttar heime mot FUVO på Jotun stadion. 

Til toppen