Avsluttar jazzturné på heimebane

Avsluttar jazzturné på heimebane

Fredag ettermiddag speler duoen Øyvind Hegg-Lunde og Øystein Skar i Glow konsert i Lærdal kulturhus.

– Korleis blir det å avslutte turneen heime?

– Det blir spesielt og spennande. Det er ikkje så ofte eg får sjansen til å spele i Lærdal. No får eg sjansen til å treffe folk eg ikkje har sett på lenge, det blir kjekt, seier Øyvind Hegg-Lunde, som innrømmer at han er spent. 

Glow starta i 2007, og slapp eit album med same namn i 2013. Konserten i Lærdal kulturhus fredag markerer siste stopp på turneen med Vestnorsk Jazzsenter, etter spelejobbar i Sogndal, Bergen, Voss og Stavanger. 

Øyvind Hegg-Lunde, som er frå Borgund i Lærdal, speler trommer/ perkusjon og har bakgrunn frå både pop, rock og jazz og improvisasjonsmusikk. Han bur no i Bergen og er trommeslagar mellom anna i Building Instrument, Krachmacher og Crab is Crap. 

Med seg har han Øystein Skar på piano. Han er frå Vinstra og har vore med på ei rekke album og speler for tida i popbandet Highasakite og støyrockbandet Cakewalk, i tillegg til å jobbe med komposisjon og produksjon. 

Då Porten.no snakka med Hegg-Lunde var duoen på veg frå Voss i retning Lærdal, etter ein fin konsert i Stavanger torsdag. Dei gler seg og med strålande vêr ligg alt tilrette for ein fin ettermiddag i Lærdal. 

– Kva kan publikum bu seg på å høyre?

– Det blir meir lettfatteleg musikk enn kva ein skulle vente seg av musikk frå piano og tromme. Musikken er tilgjengeleg for dei fleste og me håpar å skapa ei fin oppleving i lag med publikum, seier han. 

Duoen har i fleire år fordjupa seg i musikk som ligg på grensa mellom samtidsmusikk, beat og improvisasjonsmusikk. Her står lyd, rytmikk og klang i fokus, der komposisjonene beveger seg saumlaust frå strengt rytmisk og repeterande til meir svevande og opent landskap. Musikken er intens og med ei sterk nerve, med improvisering der det heile tida er eit ønskje om å strekke seg vidare. Musikken blir beskrive som intens og minimalistisk. 

Til toppen