ENDELEG: Geir Kjetil Øvstetun, leiar i Årdal FK, Tor Erik Sveen, leiar i IL Jotun, og Johnny Svåi, leiar i ÅTIL, skal onsdag skrive under på avtalen mellom dei tre fotballaga i Årdal. Arkivfoto.
ENDELEG: Geir Kjetil Øvstetun, leiar i Årdal FK, Tor Erik Sveen, leiar i IL Jotun, og Johnny Svåi, leiar i ÅTIL, skal onsdag skrive under på avtalen mellom dei tre fotballaga i Årdal. Arkivfoto.

Avtale om fotballen i Årdal skal endeleg signerast

- Eg synest den verkar grei. Vi må alle gje og ta, seier Johnny Svåi, leiar i ÅTIL.
 

Dei siste vekene har leiarane i Årdal FK, IL Jotun og ÅTIL utarbeida ein detaljert avtale om fotballen i kommunen.
Sjølve avtalen vert underteikna av alle tre leiarane når dei møtest onsdag.

Les også: No er dei samde om organiseringa av årdalsfotballen

- Godt forankra

Tidleg i januar skreiv porten.no at dei tre laga hadde kome fram til korleis fotballen i bygda skulle organiserast etter eit tre timar langt møte.

Den siste månaden har klubbane brukt på detaljane rundt korleis dette skal fungera i praksis.

Det vil sei at Årdal skal ha seniorfotballen med eit fyrstelaget og eit andrelag, medan Jotun og ÅTIL tek seg av aldersbestemt fotball.

Les også: Årdal FK får ikkje stille eige gutelag

Dette betyr at fotballspelarane ikkje kan kombinere spel på gutelaga med fyrstelagsfotballen. Dei kan derimot spele for andrelaget sidan det er eit intensjonslag der alle klubbane er inkludert.

- Er dette godt forankra i laget?
 - Alle laga har godteke avtalen og det er dette vi har blitt einige om. Så får vi forholda oss til det, seier Geir Kjetil Øvstetun, leiar i Årdal FK.

Mykje av grunnen til at det har teke lang til å fått signert avtalen, er fordi Øvstetun har vore på reisefot.

- I utgangspunktet tenkte vi å sende kontrakten rundt til dei ulike partane, men no har vi bestemt oss for å setje oss saman å skrive under samstundes, seier han til Porten.no medan han køyrer heim til Årdal.

Uttak av spelarar

Mykje av dei siste detaljane i avtalen går ut på kva spelarar som skal takast ut, kven som skal trena kven, det økonomiske ansvaret og praktiske greier.

- Alt må vera på plass slik at ingenting skal vere uklart. Avtalen er godt forankra i alle laga. Alle må gje og ta. Slik er det når ein forhandlar og vi er nøgde med korleis det vart løyst seg, seier Johnny Svåi, leiar i ÅTIL. 

Fleire foreldre har reagert negativt på fotballen i Årdal no skal organiserast.

- Kva tenkjer du om det?

- At foreldre og andre innbyggjarar i Årdal ikkje er einige, kan vi ikkje gjere noko med. Ein kan ikkje gjere alle til lags. Denne avtalen er til beste for alle – både aldersbestemt og senior, seier Svåi.

Les også: Fotballgruppa i ÅTIL vil samla fotballen under Årdal FK

Samarbeidslag

Det har vore eit ønske blant enkelte i fotballmiljøet i Årdal at Årdal FK skal ha eige gutelag, der dei beste unggutane kan kombinere gutefotball med spel for fyrstelaget i 3. divisjon.

Sidan desse gutane står i Jotun eller ÅTIL, kan dei ikkje spele for Årdal FK utan å melde overgang først.

Andrelaget til ÅTIL, som er i 5. divisjon, blir difor omdøypt til ÅFK/Jotun/ÅTIL og fungera som eit samarbeidslag der alle gutelaga kan spele på og trene saman med fyrstelaget.

- Gutane får ikkje spele obligatoriske kampar saman med fyrstelaget, men dei får trena med dei. Dette er det viktigaste for å utvikle spelarar. Når dei er gode nok, kan dei melda overgang til fyrstelaget, seier Svåi som sluttar som leiar 10. mars.

Den nye organiseringa av fotballen er allereie i gong og dei ulike laga er påmelde.

- No ligge det til rette for at det skal bli ro i fotballmiljøet framover. Eg kan ikkje sjå at det vert fleire medieoppslag om ueinigheiter lenger, avsluttar Svåi.
 

Til toppen