VESTLANDSHØGSKULE: Det vil bli ein rektor for den samla Vestlandshøgskulen der Høgskulen i Sogn og Fjordane, Høgskolen i Bergen og Høgskolen Stord/Haugesund slår seg saman med hovudsete i Bergen. Foto: Katrine Sele.
VESTLANDSHØGSKULE: Det vil bli ein rektor for den samla Vestlandshøgskulen der Høgskulen i Sogn og Fjordane, Høgskolen i Bergen og Høgskolen Stord/Haugesund slår seg saman med hovudsete i Bergen. Foto: Katrine Sele.

Avtale om Vestlandshøgskulen er klar

Forhandlingsutvalet møttest for siste gong i Bergen 3. mai for å fullføre fusjonsplattforma for Høgskolen i Bergen, Høgskolen Stord/Haugesund og Høgskulen i Sogn og Fjordane.

Sogndal: No går avtalen til dei tre styra, som skal ta avgjerda om dei vil gå vidare med å byggje ein ny, stor høgskule på Vestlandet, skriv Høgskulen i Sogn og Fjordane på sine heimesider

– Vestlandshøgskulen vert etablert med deling som drivkraft, ideal og metode. Kunnskap veks når den blir delt,  heiter det om profilen til den nye høgskulen.

Fusjonsplattforma er ferdig forhandla, og blir no lagt fram for styra i dei tre høgskulane. Torsdag 12. mai tek dei stilling til om det blir fusjon.

Høge ambisjonar og nynorsk som hovudmål

Hovudmåla for den nye institusjonen blir å støtte opp om vekst for ei berekraftig utvikling av samfunns- og næringslivet og for einskildmenneske. Den skal ha ein tydeleg vestlandsidentitet som byggjer på vestlandsk kultur, næring og tradisjonar. Hovudmålforma blir nynorsk.

– Vi er veldig glade for å ha fått gjennomslag for at ein så stor høgskule blir nynorskhøgskule. Eg trur det er viktig for nynorsken, seier rektor ved HiSF, Rasmus Stokke.

Institusjonen får fem campus, og har høge ambisjonar på alle felt. Mellom anna vil den bli kjend for å ha landets mest nøgde studentar som trivast og lukkast, og vere ein sterk aktør innan forsking og utvikling. Vestlandshøgskulen vil kunne skape nye og betre tilbod innanfor fag og undervisning enn institusjonane ville greidd kvar for seg.

Målet er å bli universitet

– Dette understreker det høge ambisjonsnivået til den nye institusjonen, seier Stokke.

Kompetansefellesskapet som fagmiljøa i Vestlandshøgskulen utgjer, vil kunne svare betre på samfunnsutfordringane regionalt, nasjonalt og internasjonalt, heiter det i avtalen. Med bakgrunn i at den nye høgskulen har fem campus spreidd over eit stort geografisk område, er målet at den skal liggje heilt i front på digitale løysingar.

Den nye institusjonen vil gjennomføre ei digital satsing som skal sikre effektiv informasjonsdeling og utvikle eit framtidsretta utdannings- og læringsfellesskap ved hjelp av ny teknologi.

Likeverdige campus

Fusjonen skjer mellom tre likeverdige partar, og studiestadane vil bli utvikla vidare. Dei største profesjonsutdanningane skal bli tilbydd i alle dei tre regionane.

Her blir satsinga på den nye, femårige lærarutdanninga spesielt viktig: Målet er at den skal vere fou-basert og halde høgt nasjonalt og internasjonalt nivå. Tanken er å opprette ei felles arbeidsgruppe for å utvikle denne nye utdanninga, og i tillegg sjå på moglegheita for å utvikle ei lektorutdanning.

Alle studiestader, fag og utdanningar skal profilerast som ein del av Vestlandshøgskulen, det skal vere utdanning på masternivå på alle studiestadane og tilsette skal ha nærleik til leiarane sine. Mellom anna skal dette sikrast ved at leiarar i den nye institusjonen ikkje skal ha personalansvar for meir enn 20-30 tilsette.

Ingen tilsette vil miste jobben som følgje av fusjon, men mange må rekne med at dei kan få andre arbeidsoppgåver enn før.

Rektor i Bergen

Fagleg profil, satsingsområde, visjon og strategi er ikkje avklart enno – det blir neste steg i prosessen, om styra går inn for fusjon. Desse tinga vil i så fall den faglege leiinga jobbe vidare med til hausten, med god forankring blant tilsette, studentar og arbeidslivet i dei tre regionane. Medverknad frå mange partar blir viktig for å utforme den faglege profilen til den nye institusjonen.

Derimot har forhandlingsutvalet laga ei grundig skildring av dei organisatoriske prinsippa som skal liggje til grunn for den nye høgskulen. Blant anna har dei avtalt at Vestlandshøgskulen skal ha:

  • Tilsett rektor og ekstern styreleiar.
  • Rektor med hovudarbeidsplass i Bergen, og ein prorektor i kvar nærregion (det vil seie fylka for dei tidlegare høgskulane).
  • Felles utdanningsløp og gjennomgåande leiing. Det vil seie at utdanningane får felles leiing på tvers av studiestadane.
  • Få og store avdelingar.

Interimstyre frå hausten

Dersom styra går inn for fusjon, vil HiB, HiSF og HSH be Kunnskapsdepartementet opprette eit interimstyre med 13 medlemmer, vekta etter storleiken på høgskulane.

Dette styret vil få mandat frå departementet og mellom anna ta avgjerder om visjon, fagleg profil, fagleg og administrativ organisering og arbeidsoppgåvene til tilsette og leiarar. Det vil også ta ansvar for budsjettet for 2017, nye forskrifter, reglement og utval som må på plass.

Studentane vil opprette eit felles studentorgan for Vestlandshøgskulen, og dette vil forvalte studentrepresentasjonen i styre, råd og utval. Vestlandshøgskulen vil sikre gode rammevilkår for studentane sitt arbeid i sjølve fusjonsprosessen og for arbeidet med å etablere eit felles studentdemokrati. Frå 1. januar 2017 skal eit studentombod vere på plass.

Til toppen