TAKKAR FOR SEG: Johnny Svåi og Tor Erik Sveen har leiar idrettslaga i Årdal dei siste åra, og no takkar dei av etter det dei skildrar som ein hektisk og krevjande periode. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
TAKKAR FOR SEG: Johnny Svåi og Tor Erik Sveen har leiar idrettslaga i Årdal dei siste åra, og no takkar dei av etter det dei skildrar som ein hektisk og krevjande periode. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

Avtroppande leiarar ser tilbake på «hektisk periode» i idretten

Johnny Svåi og Tor Erik Sveen skildrar dei siste åra i årdalsidretten som hektisk og krevjande. 

Årdal: Svåi har vore leiar i ÅTIL dei fem siste åra, medan Sveen har leia Jotun dei siste tre. Ingen av dei to tek attval denne våren. Mangel på motivasjon og hektiske kvardagar i det dei skildrar som ein krevjande periode er blant årsakene.

– Frå eg kom inn var det diskusjonen rundt organiseringa av fotballen som har prega dei siste åra, seier Sveen, som samstundes synest det er litt vemodig å gi seg.

Etter mykje fram og tilbake har idrettslaga og Årdal FK omsider blitt samde om ein avtale som dei håpar skal gi ro i rekkene i tida framover. Fotball engasjerer, og det har leiarane i idrettslaget merka.

– Det er eit engasjement, der folk på mange måtar er litt galne, men på ein god måte. Det er mange som er levande interessert i fotball, og Årdal er jo ei fotballbygd, men det har vore krevjande, seier Sveen vidare og får støtte frå Svåi.

– Det eg synest er mest tungt er all diskusjonen som foregår mellom møta, alt ein får høyra av det gale ein gjer. Møta i seg sjølv foregår på ein veldig sakleg måte med gode diskusjonar. Det er alle dei som ikkje er på møta som gjer det tungt å driva, seier ÅTIL-leiaren.

Mykje historie

Han trur mange ber med seg mykje historie inn i diskusjonane frå ei tid då Årdal hadde større barnekull og hevda seg godt i divisjonane. No håpar dei at ein signert avtale vil setja punktum for diskusjonen som faktisk har ført til direkte uvenskap mellom vaksne menneske. 

– Vil du meina noko, må du koma på møta og engasjere deg. Det er mange som har meiningar, men dei står litt på sida. Det kan vera tungt nokre gonger fordi ein brukar mykje tid på ei sak, og så spør ein seg sjølv om ein gjer det rette, seier Sveen.

For idrettslaga var det viktig å behalde aldersfastlagd fotball. 

– Fotballen er ei stor gruppe, og mistar ein fotballen, er det ikkje sikkert det hadde vore noko ÅTIL lenger, seier Svåi. Sveen nikkar og trur situasjonen er den same for Jotun. 

Samfunnsutviklinga påverkar

For slik er det blitt. Samfunnsutviklinga i Årdal har vore som i resten av distriktsnoreg; mindre barnekull og færre innbyggjarar. Dei unge flyttar når dei er ferdige på vidaregåande for å ta utdanning, og få kjem tilbake. Det viser seg sjølvsagt i idretten. 

Dette kombinert med at det generelt vert satsa mindre pengar på senioridrett i til dømes fotball og handball, gjer at resultata har falle noko vekk. Jotun handball er på veg ned i 4. divisjon, og går forslaget til Noregs Fotballforbund gjennom, er det fare for at Årdal FK spelar i same divisjon framover også basert på tabellplasseringa dei siste åra. 

– Eg trur ein må sjå dette i samanheng med samfunnsutviklinga. Ein kan ikkje berre fokusere på det som er gjort i idretten. Viss ein ser på forslaget til nytt divisjonssystem, så er på gang ei slags pyramidebyggjing, der ting skal skje der det bur mykje folk, meiner Sveen.

– Skal du vera litt oppe i divisjonane, så kostar det. Då treng du folk som kanskje nødvendigvis ikkje har vakse opp i Årdal for å ha god nok kvalitet på stallen, legg Svåi til. 

Samarbeid

Ei slik utvikling krev samarbeid. Elles i samfunnet har «to av alt»-Årdal byrja å bli ein. Mest kjend er sjølvsagt helsehus-saka. Og det er relevant å spørre om det er rom for to idrettslag.

– Det er ikkje noko problem å samarbeide, spesielt innanfor individuell idrett. Det er når ein kjem over i lagidrett at det blir vanskeleg. Kulla blir mindre, og det er ikkje alle som vil driva med idrett. Men det er vanskeleg å seia kva som er best for Årdal, svarar Svåi. 

I handballen har dette gått fint. Frå og med denne sesongen heiter også seniorlaget Jotun/ÅTIL. Leiarane peikar på at reglementet er litt annleis her enn i fotballen når det gjeld kva lag ein er medlem av og kva ein kan spela for. I fotball er dette mykje strengare.

Turn blomstrar

Men det er ikkje berre heilsvart. For litt av poenget dei to leiarane prøver å få fram, er at fotball og handball ikkje er dei einaste idrettane i bygda. Turn er noko begge framhevar.

– Det er viktig å få fram dei også. Fotballen har teke mykje tid, og me har ikkje fått fulgt opp dei andre gruppene godt nok. Det er viktig at me får gjort det. Dei presterer og har bra kvalitet, seier Svåi.

– Det har mykje med at foreldre har byrja å engasjere seg og tek trenarutdanning. Når ein involverer seg på den måten, får ein med ungane. Det er litt automatikk i det. Det har vore positivt, og Jotun har hatt stor auke i aktivitet, supplerer Sveen. 

På mange måtar er det kanskje ein ny start i vente for idretten i tida framover. Med satsing på lokale utøvarar og eigenrekruttering, håpar dei to på ei god framtid, der ÅTIL og Jotun kan vera med og byggja opp mange gode utøvarar. 

Til toppen