– Me fekk melding om røykutvikling og det var høg temperatur då me kom til staden. Det viste seg å vera branntilløp i ein kjellar, truleg ei vaskemaskin, seier brannsjef Vidar Trettenes.
400 grader
Kjellaren i huset røykutviklinga fann stad tidleg laurdag kvald ligg i Gildevangen, som er vis-a-vis Skysstasjonen i Sogndal. Trettenes, som var på vakt og sjølv kom til staden, fortel dei var kjapt på plass.
– Det er alltid viktig når me snakkar om brann. Det vart målt 400 grader med IR-kamera, og huset ligg i eit strøk nær trehusbebyggelse, så det kunne fort ha utvikla seg til noko verre.
Han fortel det er opptil politiet å eventuelt etterforska saka vidare.