FRAMLEIS TOMT: Aktøren som lenge var inne i biletet til å kjøpe Dooria-bygget er no ute. Siva avviste forhandlingar etter som partane stod for langt frå kvarandre på pris. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
FRAMLEIS TOMT: Aktøren som lenge var inne i biletet til å kjøpe Dooria-bygget er no ute. Siva avviste forhandlingar etter som partane stod for langt frå kvarandre på pris. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

Avviste aktuell aktør for Dooria-bygget

– Det var ikkje moglegheit for forhandling. Me stod for langt frå kvarandre, seier eigedomsdirektør i Siva. 

Årdal: Onsdag møttest representantar frå Siva, Årdal kommune og Årdal Utvikling for å diskutere vegen vidare for Dooria-bygget etter at ein aktuell aktør no er ute av biletet.

Eit tema som blei tatt opp på møtet var ei større involvering frå Siva, som eig bygget, i jakten på aktørar som kan skapa aktivitet i bygget som no har stått tomt i fem år. 

– Det har me snakka om i dag. Me har hatt ein god samtale og jobbar vidare saman for å løysa utfordringa, men me har ingenting konkret no, seier ordførar Arild Ingar Lægreid (Ap).

– Ja, me har hatt eit godt møte i dag, og me deler ei felles målsetting. Det er viktig for kommunen å skape aktivitet, og det er det som er Siva sitt formål også. Me har drøfta kva me kan gjera, og utan at det er noko konkret, er me samde om å halde fram det gode samarbeidet og bidra til å få til noko, seier eigedomsdirektør i Siva Lise Bartnes Aalberg.

Ikkje samde om pris

For berre eit par månader tilbake var det ein konkret aktør inne i biletet. Allereie i desember i 2014 fortalte dåverande nestleiar i Årdal Utvikling, John Normann Melheim, at dei var i dialog med aktørar. Sidan då har det vore stille, men mot slutten av fjoråret kom bygget i fokus att då UDI søkte etter akuttmottak for flyktningar. 

Beskjeden frå ordførar Lægreid då var at Dooria-bygget var uaktuelt etter som det vart jobba med å få inn ein ny aktør i bygget. Like før jul kom det fram at aktøren ikkje lenger var aktuell.

Artikkelen held fram under biletet.

MØTTEST: Siva ved rådgivar Jørgen Andersen og eigedomsdirektør Lise Bartnes Aalberg besøkte Årdal onsdag der dei møtte styreleiar for Årdal Utvikling Marie Helene Hollevik Brandsdal (Ap) og ordførar Arild Ingar Lægreid (Ap) for å diskutere vegen vidare.
MØTTEST: Siva ved rådgivar Jørgen Andersen og eigedomsdirektør Lise Bartnes Aalberg besøkte Årdal onsdag der dei møtte styreleiar for Årdal Utvikling Marie Helene Hollevik Brandsdal (Ap) og ordførar Arild Ingar Lægreid (Ap) for å diskutere vegen vidare.

– Sett frå vår side er me også nøydde til å ta omsyn til den økonomiske sida. Dersom me skal selja noko ut av vår portefølje, må me kunne forsvare det økonomisk. Ofte er det eit tilbod og eit krav som kanskje er eit stykke frå kvarandre. Då må ein forhandle, og det var det ikkje moglegheit for her. Det var for stor avstand mellom oss, forklarar Aalberg.

– Den leigetakaren me ikkje vart samd med før jul blei det jobba ganske lenge med, men ikkje like intensivt heile tida. Difor tok det såpass lang tid. Dei vurderer gjerne fleire alternativ og spelar dei opp mot kvarandre, fortel rådgivar Jørgen Andersen i Siva.

Ingen av dei to vil seia konkret kor mykje bygget er verdt. 

Uheldig

Bygget på 7500 kvadratmeter vart i si tid tilpassa Dooria og stod ferdigstilt i 2007 med ein prislapp på mellom 65-70 millionar kroner. Dooria sleit i mellomtida veldig, og i 2011 vart fabrikken nedlagt. 

– Det er veldig uheldig at det stor tomt. Det er ei økonomisk belastning, fortel Aalberg, men kan ikkje seia sikkert kor mykje dei har tapt i leigeinntekter desse fem åra.

Det tomme lokalet har også lagt eit press på dei folkevalde i bygda. Innspel til aktivitet er det flust av blant innbyggjarane, men Andersen understrekar at det verken er Siva, Årdal kommune eller Årdal Utvikling sin jobb å etablere bedrifter. Her er ein avhengig av at ein finn ein aktør.

– Bygget er jo ein ressurs, og me har tru på at me skal klara å skapa arbeidsplassar. Det tar litt lenger tid enn mange meiner det er behov for, men me er komne eit steg lengre i dag og har tenkt å jobba vidare, seier Lægreid. 

Må truleg dele opp bygget

Eigedomsdirektøren trur det er lite sannsynleg at dei klarar å leige ut heile bygget til berre éin aktør. Difor kan det bli aktuelt å dele det opp, trur Andersen.

– Det kjem an å kva aktøren skal drive med. Det er godt eigna for mykje ulik type produksjon eller for så vidt anna verksemd. Det er berekna for éin leigetakar, og viss ein skal dele garderobe, kontor og produksjonshall opp i ti til dømes, så er det ganske krevjande. Me må nok få til ei ombygging på ein eller annan måte, seier han.

Alt er ikkje heilt mørkt. Når dei to Siva-tilsette først var innom bygda, tok dei seg like gjerne ein tur innom det andre bygget Siva eig, og som blei sett opp saman med Dooria, nemleg Norsun. Der skin sola.

– Det var noko me var kjende med, men der er det ei positiv utvikling, så det var interessant å helsa på dei. Der snakka dei om planar framover, og me er innstilte på å vera med framleis som tilretteleggjar, seier Aalberg. 

Til toppen