AVVISTE: Etter ei synfaring på Gramstølen var dei folkevalde i Lærdal klare på at dei ville avvise klagen frå hytteeigarar om ikkje å la fleire få byggje hytte her. Foto: Steinar Kvigne.
AVVISTE: Etter ei synfaring på Gramstølen var dei folkevalde i Lærdal klare på at dei ville avvise klagen frå hytteeigarar om ikkje å la fleire få byggje hytte her. Foto: Steinar Kvigne.

Avviste klage frå hytteeigarar

Synfaringa på Gramstølen var avklarande for dei folkevalde i Lærdal.

Lærdal: Kommunestyret var samla på Gramstølen før saka vart handsama i kommunestyret seinare på dagen. 

Her var Gunn Beate Sjøtun (Sp) fyrst på talarstolen.

– Eg  er imponert over kor flott det er blitt på Gramstølen, og Sp er positive til at fleire får byggje der oppe. Me vil difor avvise klagen frå hytteeigarane, sa Sjøtun. Ho ga skryt til satsinga og arbeidet som er lagt ned på Gramstølen.

AVVISE: Senterpartiet er positive til at fleire skal få byggje hytte på Gramstølen.
AVVISE: Senterpartiet er positive til at fleire skal få byggje hytte på Gramstølen.

Fortetting

Audun Mo (Ap) og Anike Vanberg (Sv) ville òg avvise klagen.

– Eg er glad for den synfaring me hadde i dag, og den var heilt nødvendig. Etter det eg har sett har eg ingen betenkelegheiter med å fortette dette feltet. Heller ikkje dei andre endringane som planen legg opp til, sa Mo.

Han rosa det private initiativet og den satsing som er gjort. Ingen fleire ba om ordet,  eit samla kommunestyret vedtok deretter å avvise klagen underskriven av 15 hytteeigarar. Saka vert no sendt til Fylkesmannen for endeleg avgjerd.

Kritiske

Striden gjeld eit felt på Gramstølen som Filefjell Eiendomsutvilling AS (Feas) ynskjer å fortette frå 6 til 15 tomtar. Eit fleirtal i kommunestyre vedtok i november i  fjor å stette søknaden, mindretalet ville utsette saka i påvente av synfaring.  15 hytteeigarane er kritiske til endringar i gjeldande reguleringsplan, og har sendt klage til Fylkesmannen. 

Artikkelen held fram under biletet.

STRID: Striden gjeld eit felt på Gramstølen som Filefjell Eiendomsutvilling AS (Feas) ynskjer å fortette frå 6 til 15 tomtar. 15 hytteeigarane er kritiske til endringar i gjeldande reguleringsplan, og har sendt klage til Fylkesmannen. 
STRID: Striden gjeld eit felt på Gramstølen som Filefjell Eiendomsutvilling AS (Feas) ynskjer å fortette frå 6 til 15 tomtar. 15 hytteeigarane er kritiske til endringar i gjeldande reguleringsplan, og har sendt klage til Fylkesmannen. 

Dei syner  til at utbygginga av området har foregått etter  reguleringsplan  vedteken i 2007. Tomtane var den gongen kjøpt med utgangspunkt i denne planen, dei finn det difor uakseptabelt at føresetnadane vert  endra gjennom den nye planen.

I tillegg til fortetting legg  planen  mellom anna  til rette for å byggje fritidsbygg på 150 kvadratmeter, mot 125 i dag. Vidare kan mønehøgda aukast med 1 meter, og det opnar for bygging av carport. 

Vurderer erstatning

– Får me ikkje medhald i klagen vår, vil me vurdere å søke kommunen om erstatning. Dette fordi verdien av tomtane våre blir forringa viss endringane i reguleringsplan vert vedteken, seier ein av klagarane, Erik Floen til Porten.no.

Han finn det urimeleg og uakseptabelt at premissane for hyttekjøpa deira  no skal endrast.

Økonomisk motiv

Erik Floen meiner Thomas  Hjermann i Feas her driv «one man show»  der motivet  hans berre er å tene pengar. Og tykkjer det er trist at hytteeigarane ikkje er invitert til synfaringa på Gramstølen.

– Eg føler me har vore i skuggen heile vegen, og ikkje blitt høyrt. At me ikkje er invitert på synfaring i saka der me har sendt formell klage er eigentleg berre trist, seier Floen.

KRITISK: Hytteeigar Stener Irgens er kritisk til saka og opplever mellom anna at Hjermann ikkje fører ein sakleg diskusjon.
KRITISK: Hytteeigar Stener Irgens er kritisk til saka og opplever mellom anna at Hjermann ikkje fører ein sakleg diskusjon.

Ordførar Jan Geir Solheim har tidlegare vore i møte med hytteeigarane. 

– Til  denne synfaringa er dei ikkje invitert, det er heller ikkje Thomas  Hjermann i Feas. Han er her berre for å vise oss rundt i feltet, ikkje kome med partsinnlegg, poengterer Solheim.

Hytteeigar på Gramstølen Stener Irgens er òg kritisk til Hjermann og opplever til tider at han ikkje fører ein sakleg diskusjon. 

– Han avviser dei betenkelegheiter me har i denne saka, eg føler òg at han sit nær mange av politikarane i kommunen, kommenterer Irgens. I tillegg er han bekymra for auka trafikk opp i Gramstøllia.

– Den er bratt, smal og farleg i høve den auka trafikken som ytterlegare utbygging vil medføre, avsluttar Stener Irgens.

Til toppen