UTRULEG RESPONS: Rasmus Mo frå Sogndal skal snart ned til Hellas for å jobba som frivillig i ein flyktningeleir i Athen. Måndag starta han ein innsamlingsaksjon som på eitt døgn samla inn over 100.000 kroner.
UTRULEG RESPONS: Rasmus Mo frå Sogndal skal snart ned til Hellas for å jobba som frivillig i ein flyktningeleir i Athen. Måndag starta han ein innsamlingsaksjon som på eitt døgn samla inn over 100.000 kroner. (Foto: Halvor Farsund Storvik)

Ba om hjelp til båtflyktningane på Facebook – fekk over 100.000 på eitt døgn

Om halvanna veke reiser Rasmus Mo til Hellas for å sjølv kjenna på kroppen korleis det er å bu i ein flyktningeleir.

Sogndal: – Venene mine har tydelegvis skjønt at dei kan gjera ein forskjell. Til no er det over fire hundre som har gitt. Det er heilt fantastisk at så mange vil gjera det, seier Rasmus Mo, som til dagleg jobbar i Sogndal Fotball. 

Då me snakka med han tysdag hadde han samla inn 116.000 på eitt døgn. Morgonen etter har det kome nye 24.000 inn på innsamlingskontoen.

Sjeldant stor respons

Pengane går til Dråpen i havet, ein organisasjon som hjelper båtflyktningane i Hellas, hovudsakleg med innkjøp av mat, klede og andre naudsynte ting. Sjølv om det verkar lenge sidan flykningekrisa var på det verste, er det framleis mange som flyktar over Middelhavet.

Organisasjonen baserer seg i stor grad på frivillig arbeid og mange startar sine eigne innsamlingar på Facebook før dei reiser ned for å hjelpa. Få har fått like stor respons som Rasmus Mo.

– Eg har fått tilbakmeldingar frå Dråpen i havet at noko slikt har dei ikkje opplevd før, seier han.

Som så mange andre har han blitt påverka av dei sterke TV-bileta frå krigen i Syria og den desperate flukta mange har måtta legga ut på som ein konsekvens.

 

– Flyktningestraumen sette seg på netthinna mi og. Det gjer noko med ein å sjå slikt når ein sjølv har eit trygt og god liv og du får alt i nevane, seier Mo.

Vil oppleva flyktningekrisa på kroppen

Fleire han kjenner har vore i Hellas og sett med eigne auge korleis flyktningane har det. Ein av dei er Ole Petter Heggestad, som har reist ned fleire gonger og fortalt mykje om opplevingane han har hatt.

No fann Mo ut at det var på tide å omsetta medkjensla til noko handfast. Om halvannan veke reiser han saman med Heggestad for å hjelpa til i ein flyktningeleir i Athen. Reisa og alt dei treng til opphaldet betalar dei sjølv.

– Eg er 59 år og kan gjera det. Eg har ferie til overs og økonomi til å gjera det. Då er det ikkje ingen unnskyldningar lenger til å lata vera. Som alle andre har eg betalt avlat i form av lodd og TV-aksjonar. No må eg ned og kjenna lukta og læra kva det å vera flyktning eigentleg handlar om, seier Mo.

Til toppen