IDYLL: Agna Hollekve med ullgrisane som kom til verda på garden sist fredag.
IDYLL: Agna Hollekve med ullgrisane som kom til verda på garden sist fredag.

Babylukke for ullgrisane i Hodlekve

Fem små hjarteknusarar kom til verda sist fredag. – No er me litt spente på om nokon har lyst til å kjøpa dei av oss, seier matmor.

Sogndal: Den er opphavleg frå Ungarn, men ullgrisen ser ut til å trivst òg i nordlegare strøk. 

På Hollekve gard i Sogndal har Ulrik og Ulla nettopp fått små nurk og foreldrelukka er stor.

– Grisen hadde gøymt seg på nabogarden. Der hadde ho laga seg bol og lagt seg godt til rette. Då vart det litt leiteaksjon og oppstyr her, men så fann dei ho nede på bøen der med fem bittesmåe grisungar, seier Agna Hollekve, som sjølv var vekke akkurat då fødselen fann stad.

MORSINSTINKT: Dei små grisungane er nysgjerrige og sjekkar ut kvar ein kvar krok i fjøsen. Mor Ulla sørgjer for at alt går trygt for seg.
MORSINSTINKT: Dei små grisungane er nysgjerrige og sjekkar ut kvar ein kvar krok i fjøsen. Mor Ulla sørgjer for at alt går trygt for seg.

Mor passar godt på smågrisane

Hollekve driv eit heildøgns omsorgstilbod for barn og unge på garden i Sogndalsdalen og her er hestar, esel, geit, hund, katt, marsvin og gris i skjønt samkve.

Men det er ingen tvil om kven som er dei mest populære om dagane. Dei fem små grisane er eit syn for sjela der dei hoppar rundt, snusar opptekne i alle krokar og småhyler når dei blir skremde. Det skjer rett som det er. Då kjem mor ilande til.

– Ho passar veldig på dei. Dei andre dyra får ikkje sleppa inn her, men hunden har vore litt inne når grisungane søv. Då er ho årvaken og passar på, seier Hollekve.

Sleppe inn får heller ikkje faren, Ulrik. Det er nemleg ikkje heilt trygt når ungane er så små. Sidan den faste sofaen i fjøsen er oppteken, har han i mellomtida funne seg til rette i hundekorga på altanen. Lat gå at den ikkje heilt passar.

EKTE ULL: Ikkje nok med at grisen er dekka med pels. Krøllene står ikkje noko tilbake for hunden på garden.
EKTE ULL: Ikkje nok med at grisen er dekka med pels. Krøllene står ikkje noko tilbake for hunden på garden.

Følgjer i hælane som ein hund

Ellers går han berre og lurer omkring og nyt livet. Som alle dyra på garden får grisane gå heilt fritt og dei kvir seg ikkje for å streife rimeleg vidt.

Noko òg turgåarar har fått merke.

Den krøllete manken har blitt eit populært fotoinnslag på Facebook for dei som likar å gå turar i området rundt skisenteret.

– Enkelte er nok litt redde dei, men grisane finst ikkje farlege. Dei blir med folk på tur av og til, ser eg, og så kjem dei att. Det blir meir som ein hund. Dei er med når me fer med hestane òg. Då følger dei etter. Luktesansen er veldig god, så viss dei ikkje får med seg akkurat at me reiser, så kjem dei etter og veit akkurat kvar me er, fortel Hollekve.

Om dei små nøsta er nusselege no, så varer ikkje den lukka evig. Dei et nemleg som grisar og veks svinefort. Snart tek dei att mor som er vel over hundre kilo. 

– Då er det ikkje godt å ha dei i huset. Men me har dei som kosegrisar likevel, me då, seier matmor. 

– No er me litt spente på om nokon har lyst til å kjøpa dei av oss.

SVINEBLUND: Dei er søte no, men veks fort. Om eit par-tre år kan dei fort vere over hundre kilo.
SVINEBLUND: Dei er søte no, men veks fort. Om eit par-tre år kan dei fort vere over hundre kilo.
Til toppen