Høyanger: Raudt og Einar Rysjedal (R) bad om at det vart lagt fram ei sak i planutvalet førre tysdag, der politikarane kunne gjere vedtak om korleis kommunen skal følgje opp at Bjørkhaug Maskin AS ikkje har presentert nokon plan for sikring av industritomta Kvammen indre i Lavik.

Bad om synfaring på industritomt i Lavik
Raudt og Einar Rysjedal ber om at politikarane får sjå korleis det ser ut på industriområdet Kvammen indre i Lavik etter at entreprenøren ikkje har svart kommunen på ein førespurnad om plan for vidare framdrift og sikring.