MINDRE CO2-UTSLEPP: Sjølv om elbilsalet flatar ut i Noreg, går stadig dei samla CO2-utsleppa frå nye bilar ned. FOTO: Ruud, Vidar / NTB scanpix
MINDRE CO2-UTSLEPP: Sjølv om elbilsalet flatar ut i Noreg, går stadig dei samla CO2-utsleppa frå nye bilar ned. FOTO: Ruud, Vidar / NTB scanpix

Både C02-utsleppet og elbilsalet stuper

Dei siste åra er det elbil-veksten som har redusert CO2-utslippet frå nybilar i Noreg dramatisk. Slik er det ikkje lenger.

Det gjennomsnittlege C02-utsleppet frå dei nye personbilane som vart registrerte i mars, var på 88 gram per kilometer, ifølgje Opplysningsrådet for Veitrafikken.

Det er lågare enn nokon gong før.

Frå 177 til 100 gram

Samanlikna med mars i fjor er utsleppet fem gram lågare, og talet for heile 2015 var 100 gram per kilometer, som var det lågaste i heile Europa.

Går vi tilbake til 2006, var CO2-utsleppet for nye bilar på 177 gram per kilometer i Noreg. Vi nærmar oss med andre ord ei halvering på ti år.

Interessant nok var delen elbilar på veg ned i mars. Dei 2.597 registreringane var 23 prosent færre enn i same perioden i 2015. Den store volummodellen i dette segmentet, e-Golf, vart levert i ei takt som var 44 prosent lågare enn i fjor.

Informasjonssjef hos Volkswagen i Noreg, Anita Svanes, seier det ikkje er nokon dramatikk i dette.

– Vi hadde i fjor eit stort etterslep i leveringane frå året før. Det er hovudårsaka.

Fleire hybridar

Tesla Model S kan heller ikkje vise til like gode tal som i fjor og er med på å dra elbildelen ned.

Der veksten derimot er stor og gjer at CO2-utsleppet samla held fram med å søkke, er blant hybridane. Marknadsdelen på personbilar med ei slik drivlinje var på 10 prosent i mars. Med 3.396 selde hybridbilar er det ein vekst på ikkje mindre enn 142 prosent frå mars i fjor til mars i år. Drygt 2.000 av desse hybridane er ladbare.

Bellona-leiar Frederic Hauge gjekk for kort tid sidan ut mot denne trenden.

– Problemet er at mange av desse bilane ikkje bruker batteriet når det blir kaldare enn 10 minusgrader. Dessutan har dei òg høgare utslepp av både CO2 og NOx enn det som er oppgitt på «vaskesetelen», sa Hauge til TV 2.

Premiumbilar

Blant drivarane i hybridsalet finn ein no merke som sel bilar i eit relativt høgt prissjikt, som BMW og Mercedes-Benz. I mars leverte BMW 224 ladbare hybridar, mot 6 same månaden i fjor. Mercedes-Benz leverte 94, mot 1 i fjor.

Det er særleg blant dei store SUV-ane innslaget av hybride drivlinjer blir dominerande. Av dei 149 BMW X5-ane som vart registrerte i mars, var 114 hybridar. Med på å løfte dette segmentet er òg Volkswagen Golf, som no sel omtrent like mange av den ladbare hybriden GTE som av e-Golf. Høvesvis 526 og 540 selde førre månad.

Vil ha fleire elmodellar

Inntoget av mange nye hybridmodellar kombinert med mangel på nyheiter i elbilsegmentet gjer at det er venta at den enorme veksten av nullutsleppsbilar kjem til å stagnere i år.

– Tesla Model X kjem rett nok, men det er nok litt uvisse rundt kor mange dei klarer å levere i 2016. I tillegg kjøper nordmenn i hovudsak mellomstore og store familiebilar. I dag er berre Tesla i dette segmentet. Vi treng både fleire større elbilar og fleire med større rekkjevidd, meiner Christina Bu, generalsekretær i Norsk elbilforening.

Samtidig viser det seg altså at snittutsleppet frå dei nye bilane i den norske bilparken held fram med å søkke, da utsleppa frå hybridbilane på papiret er langt under både diesel- og bensinbilane. 

Til toppen