BÅE VANN: I fyrste runde vann bestefar Steinar Røyrvik ein vinst, og i andre runde var det barnebarnet Solfrid Gjermo Røyrvik sin tur til å vinna. I tredje runde var det vinstane på bordet rett bak vedsekken som vart lodda ut, og her vann Solfrid òg den lysande refleksranselen.
BÅE VANN: I fyrste runde vann bestefar Steinar Røyrvik ein vinst, og i andre runde var det barnebarnet Solfrid Gjermo Røyrvik sin tur til å vinna. I tredje runde var det vinstane på bordet rett bak vedsekken som vart lodda ut, og her vann Solfrid òg den lysande refleksranselen. (Bilde: Snorre Sandemose)

Både den yngre og eldre garde fekk med seg vinstar heim frå basaren

Og på eitt bord vann ei kvinne to strake premiar, med berre fem årer framom seg.

Årdal: – Det er spanande med basar at du kan vinna om du har flaks, seier Solfrid Gjermo Røyrvik. I fyrste runden vann bestefaren hennar og so i andre og tredje runde var det hennar tur til å vinna.

Det var i Farnes kyrkje at Øvre Årdal sokneråd hadde skipa til basar sundag. Ei anna som der fekk oppleva den spaninga det er å vinna, er Annlaug Brun. To gonger på rad, og med to vidt forskjellige åresiffer, eit på tusentalet og eit på tretusentalet, vann ho.

DOBBELT OPP: Annlaug Brun vann to vinstar på rappen på basaren, her er dei alt plassert under bordet. (Foto: Snorre Sandemose) Bilde:

– Eg har vunne på basar før, men eg torer ikkje seia om eg har vunne to gonger på rad slik, seier ho blidt.  

Forsamlingslokalet var nærast fullsett av folk med årer framom seg utetter borda. Forsamlinga tykte det var gildt at Brun vann to gonger på rappen.

Fyrst vann ho ei samling ulike kjøtpålegg, og so ein nymotens kakeboks. 

– Er det noko særskilt du skulle likt å vinna i dag, dersom du vinn meir? 

– Nei, eg har ingen ambisjonar, men eg tek i mot det eg kan vinna, svarar Brun nøgd.

Lotteri på bok etter at åresalet var slutt

På eit bord sat det ein kar som hadde kome frå Årdalstangen med bussen, og som skulle fara attende fyrst når det leid langt ut mot kvelds. Han hadde audmjuke voner for trekningane:

– Eg kunne eigentleg godt tenkja meg å vinna syltety eller kaffi, men eg tek det som det kjem, sa han.

KUNNE TENKJA SEG Å VINNA PÅ BOKI: Marit Buene, i midten, tok årer, men det var loddtrekninga på bok i finaleomgangen ho såg aller mest fram til. Det var ulike loddtevlingar på basaren.  Foto: Snorre Sandemose

På motsett side av bordet var det ei som aller helst ynskte å vinna noko på boka.  Folk hadde kjøpt lodd på bok til denne trekninga lang tid i førevegen.

Dugnadsånda rår, og gjev basaren liv

– Eit halvt år i førevegen byrjar me å samla vinstar til basaren, seier Inger Karlsen, leiar i soknerådet i Øvre Årdal.

Ho fortel at rådet har arrangert basaren årvisst dei siste tolv åra. 

– Og alt i mai-juni byrjar me å selja lodd på bok kringom i bygda, til finale-premietrekninga på basaren, fortel ho vidare.

Lokale næringsdrivande har vore rause og stilt med gåver. Også folk i bygda har baka, strikka eller kjøpt inn vinstar som dei har skjenkt basaren. Og nokre av vinstane kom meir langveges frå, frå Sogndal eller Lærdal, og fleire vinstar kom frå Årdalstangen. 

ARRANGØRAR: Frå venstre soknerådsleiar Inger Karlsen, medlem i soknerådet Leif Åberge, prest Olav Nese, og medhjelparar Sveinung Haug og Arne Berge. Foto:  Snorre Sandemose

Under premietrekninga fortalde konferansieren kven som hadde bidrege, med mindre gjevaren var anonym, som han i visse fall var.

Jamvel kransekaka på loddbokbordet var baka på dugnad. Likeins sjølvsagt med dei gode kakene for sal til kaffien.

– Dei pengane me får inn går til dømes til nye inventar i kyrkja og nye konfirmantkapper, seier Karlsen. 

Når det er allsong i kyrkja er det ein ljoskastar som syner teksten på eit stort lerret. Det lerretet er òg finansiert av innkomer frå basaren.

Allsong og lita preiken før åresalet var i gang

Det var tidlegare ordførar i Årdal, Oddbjørn Einan, som var konferansier under basaren.

– Her blant vinstane er det noko for alle smakar. Nokre av vinstane er rimelege, andre er meir verdfulle. Tvi tvi, eg vonar at de har lukka med dykk, sa han, og la til:  

– Treng de kaffi, so er det berre å vinka, so får de ny kanne. 

BASAR VEKKJER FINE MINNER: – Då eg var lita gjekk eg på basaren på bedehuset på Tangen kvart einaste år med tanta mi. Eg hugsar det godt, det var veldig spanande, seier Britt Trude Buene. Sundagen var ho på sin fyrste basar sidan barneåra, og tykte det var veldig hyggjeleg. Foto: Snorre Sandemose

So tok presten Olav Nese ordet, og lét forsamlinga syngja «Alltid freidig når du går».

Etter å ha halde ei lita preike om det å koma saman i varmen no i denne mørketida der me knapt ser sola, og om kor viktig det er å oppleva at nokon bryr seg om oss, lét han den siste allsongen før åresalet vera "Den fyrste song eg høyra fekk".

– No byrjar alvoret, skjemta presten etter songen, og so kunne åresalet starta.

Til toppen