SKAL OPPGRADERAST: Den over ei mil lange Gudvangatunnelen skal gjennomgå omfattande oppgraderingsarbeid dei neste to åra. Foto: Google Maps/Street view.
SKAL OPPGRADERAST: Den over ei mil lange Gudvangatunnelen skal gjennomgå omfattande oppgraderingsarbeid dei neste to åra. Foto: Google Maps/Street view.

Aurland-tunellane skal gjennom omfattande oppgraderingsarbeid dei neste to åra

Ved utgangen av år 2019 skal utbetringsarbeida vera klare, og då vil tunnelane stetta moderne tryggingskrav. 

Aurland: Nettsida vareveger.no opplyser at Statens vegvesen har lyst ut oppgraderingsjobben som skal gjerast unna både i den nest lengste og den tredje lengste tunnelen i Aurland, begge på Europaveg E 16.  

Den lengste av dei to, Gudvangatunnelen, er meir enn ei mil lang åleine, og til saman er det snakk om 16,5 kilometer med tunnel som skal oppgraderast i Gudvanga- og Flenjatunnelen.  

Oppgradering av kablar i Gudvangatunnelen

Gudvangatunnelen vart teken i bruk alt i 1991. Oppgraderingsarbeida som skal til her er so omfattande at Vegvesenet valde å dela arbeidet i to. 

Fyrst var det ekstra sprengingsarbeid som stod for tur. Oppdraget vart lyst ut i 2016 og er fullført. Dimed er det berre elektroarbeidet som framleis står for tur. 

I anbodstevlinga som Statens Vegvesen region vest lyser ut, er det ei lang liste over ting som skal utførast. Sjølve anbodskonferansen er 18. januar 2018. 

 TRYGGARE FRAMTID I MØTE: Den 24. oktober i år stengde vegvesenet tunnelen, då det kom meldingar om røyk i tunnelen. Heldigvis synte det seg å berre vera vassdamp. I framtida kan bilistar ved Gudvangatunnelen kjenne seg ein smule tryggare ved slike syn. 
 TRYGGARE FRAMTID I MØTE: Den 24. oktober i år stengde vegvesenet tunnelen, då det kom meldingar om røyk i tunnelen. Heldigvis synte det seg å berre vera vassdamp. I framtida kan bilistar ved Gudvangatunnelen kjenne seg ein smule tryggare ved slike syn.  Bilde: Jonas Axelsson/NRK

Verksemda som vinn fram skal få levera og montera ein 13 kilometer lang kabelstige. Dei lyt dinest få på plass ein 92 kilometer lang elkraftkabel, ein 115,5 kilometer lang signalkabel, ein 26 kilometer lang fiberkabel og ein 11,4 kilometer lang strålekabel. Attpåtil lyt verksemda montera 280 kilometer med trekkerøyr. 

Av andre ting som skal monterast, kan nemnast 112 naudstasjonskåp, 169 skilt og 145 nye videokamera. 

Den som får kontrakten skal også føra opp åtte nye tekniske bygg, seks av dei inne i tunnelen. Utviding av tunnelhòlrommet seks stader for å få på plass dei tekniske bygga inne i fjellet inngår i prisen. 

Når det gjeld 108 vifter som skal monterast og koplast på, so er dei lyst ut på anbod for seg. 

Begge tunnelane må oppgraderast på grunn av tunnelforskrifter av år 2007

Båe tunnelane vart i hovudsak bygde gjennom 1980-talet, og lyt oppgraderast for å kunne stetta meir moderne krav som har kome til sidan den gong. 

Eitt av dei er at lange tunnelar skal ha oppsamlingskummar for brannfarleg væske som kan renna or bilar i samband med ulykker. Ein slik kum kjem no til i begge dei nemnde aurlandstunnelane. 

Eit anna nytt krav er montering av moderne radarar for lettare å kunne oppdaga uynskte hendingar i tunnelane. Til saman 70 radaranlegg skal inn i dei to tunnelane.

I båe tunnelane skal det også koma på plass eit talevarslingsanlegg. Gjennom til saman 275 høgtalarar vil bilistar få beskjed om korleis dei skal te seg dersom det hender ei ulykke. 

Evakueringslyssystema vert også endra i tunnelane. I staden for visse lyspunkt, slik det er no, vert det lagt samanhengande lyslister ved vegkantane.

Oppgraderingsjobben med dei to tunnelane skal vera fullført innan utgangen av 2019. Tunnelane kan på det meste verta stengde av for trafikk med opp til tre timar om gongen i restaureringsperioden.

Til toppen