NEI: NVE seier ja til bygging av Mordøla kraftverk i Luster, men seier samtidig nei til Rydøla kraftverk i same kommune.​ Foto: NVE.
NEI: NVE seier ja til bygging av Mordøla kraftverk i Luster, men seier samtidig nei til Rydøla kraftverk i same kommune.​ Foto: NVE.

Både ja og nei til kraftverk i Luster

NVE seier ja til bygging av Mordøla kraftverk i Luster, men seier samtidig nei til Rydøla kraftverk i same kommune.

Luster: Landskap, friluftsliv og turisme har vore sentrale tema i vurderinga av prosjekta. NVE meiner Mordøla Kraftverk i lita grad er i konflikt med allmenne interesser, og at kraftverket vil bidra til auka produksjon av fornybar energi.

NEI: I grunngjevinga av nei-svaret til Rydøla kraftverk, legg NVE vekt på at det ville medført ein betydeleg reduksjon av Ryfossen som landskapselement. 
NEI: I grunngjevinga av nei-svaret til Rydøla kraftverk, legg NVE vekt på at det ville medført ein betydeleg reduksjon av Ryfossen som landskapselement. 

For å redusere dei negative verknadane for allmenta, er det sett visse vilkår til prosjektet.

I grunngjevinga av nei-svaret til Rydøla kraftverk, legg NVE vekt på at det ville medført ein betydeleg reduksjon av Ryfossen som landskapselement.

Mordøla kraftverk vil produsere om lag 11,9 GWh i eit middels år. Det svarar til straumbruken til om lag 600 husstandar. (©NPK)

Til toppen