SAMARBEID: : – Om me skal klare kutta går det på samarbeid. Me må jobba i lag og alle må bidra. Dette skal ikkje gå ut over brukarane, dei fortenar det beste, seier leiar ved Lærdal alders- og sjukeheim, Hrafnhildur Elvarsdottir. Foto: Ina Eirin Eliassen
SAMARBEID: : – Om me skal klare kutta går det på samarbeid. Me må jobba i lag og alle må bidra. Dette skal ikkje gå ut over brukarane, dei fortenar det beste, seier leiar ved Lærdal alders- og sjukeheim, Hrafnhildur Elvarsdottir. Foto: Ina Eirin Eliassen

Både leiarar og tilllitsvald meiner ein er avhengig av samarbeid for å få til kutta

– Me må sopa for eigen dør, og vil bidra med det me kan, seier Anne Bøe, hovudtillitvald for Sjukepleiarforbundet i Lærdal.

Lærdal: Porten.no møtte Anne Bøe, hovudtillitvald for Sjukepleiarforbundet i Lærdal, i lag med leiar ved Lærdal alders- og sjukeheim, Hrafnhildur Elvarsdottir og leiar for heimetenesten,  Inger Therese Sanden Williams på Lærdal alders- og sjukeheim. Dei var alle samde i at samarbeid er nøkkelen for å få ned driftsutgiftene for eininga pleie- og omsorg.

For å få kommuneøkonomien for 2016 til 2019 på rett køyr, må dei store pengane hentast frå  pleie- og omsorg, helse og oppvekst, då kring to tredjedelar av budsjettet går til desse tenestene, uttalte rådmann Alf Olsen jr. til Porten.no for ei veke sidan.

Les også: Rådmannen ser ikkje bort ifrå oppseiingar

Sjukepleiarforbundet i Lærdal, som har kring 24 medlem, hadde møte sist torsdag, der dei gjekk gjennom tiltaka som til no er presentert frå kommunen.

Føler seg trygge mot kutt i stillingar

GOD INFORMASJON: Anne Bøe, hovudtillitvald for Sjukepleiarforbundet i Lærdal. 
GOD INFORMASJON: Anne Bøe, hovudtillitvald for Sjukepleiarforbundet i Lærdal. 

– Me har sett på vår arena for å finne kva me kan gjera av kutt. Me har generelt snakka om eigedomskatt på bustader, då det er viktig at alle bidreg. I tillegg har me snakka om å få på plass langvakter på helg inne på sjukeheimen og jobb kvar fjerde helg i turnusen, noko som kan føra til innsparingar, seier Bøe. 

Ho er nøgd med at det har vore god informasjon så langt i prosessen. 

– Eg har ikkje fått ei einaste bekymringsmelding frå dei eg representerer. Sjukepleiarar har vore ein mangel, så me føler oss trygge på at me slepp unna kutt, seier Bøe. 

– Må samarbeida for å få det til

Eit av tiltaka for kutt forslaget om at heimetenesten tek over aldersheimen, før det blir bygd omsorgsbustader. Det var uansett tenkt at heimetenesten skal ha ansvar for omsorgsbustadane som skal erstatta aldersheimen, no er forskjellen at det kan skje tidlegare enn først venta. 

– MÅ JOBBE I LAG: Leiar ved Lærdal alders- og sjukeheim, Hrafnhildur Elvarsdottir. 
Foto: Ina Eirin Eliassen

– Om me skal klare kutta går det på samarbeid. Me må jobba i lag og alle må bidra. Dette skal ikkje gå ut over brukarane, dei fortenar det beste, seier Elvarsdottir.

Elvarsdottir ser for seg å finna turnusalternativ, som til dømes langvakter som dekkar meir på helg, noko som vil få ned bruken av vikarar.  

Opplever uvissa som vanskeleg

Williams er trygg på at det kan føra til innsparing. Alternativet med langvakter på helg er alt prøvd ut i heimetenesten og synte seg å nytte. Likevel fortel ho at uvissa om kommuneøkonomien blir opplevd av brukarane som vanskeleg. 

SER ALVORET: Leiar for heimetenesten i Lærdal kommune,  Inger Therese Sanden Williams.
Foto: Ina Eirin Eliassen

– Er det slik at heimetenesten har nok å gjera? No blir det enda meir, noko som vil gå ut over kvaliteten på tenestene til brukarane?

– Eg vil ikkje svartmåla det. Me må finne gode løysingar for heile pleie- og omsorgstenesta, utan at det får store konsekvensar for brukarane. Me må få det til saman, rett og slett. Det er alvor no, og me må sjå på dei beste løysingane. No har me drive tre år med ostehøvel, så me er heilt på beinet. Men me vil gjera det me kan. Håpet er at ingen mistar jobbane sine, seier Williams. 

– Det er uansett betre at me kan kome med alternative løysingar, slik at folk kan behalde jobbane sine. Men me må ta det som kjem, me har ikkje noko anna val, seier Elvarsdottir.

Både Elvarsdottir og Williams fortel det er langt ifrå krisestemning i tenestene. Fredag kjem også administrasjonen for å gå gjennom og informere om dei tiltaka som til no har komen opp på bordet for å betra økonomien. 

Til toppen