SUKSESS: Til ståande ovasjonar kan Lærdalskompaniet med Kristen Olav Grøttebø, Steinar Kvigne, Ragnar Sanden og Magne Grøttebø nok ein gong konstatere at skråblikket deira på lokalsamfunnet fenger publikum. Tom Karlsrud og Gudmund Bolstad Skjær er ikkje med på biletet, men bidreg i høgste grad med sine musikalske evner. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

Både paven og presidenten i USA besøkte Årdal

Lærdalskompaniet mottok ståande ovasjonar då dei tok revyen sin til Årdal onsdag kveld.

Lærdal: Etter at 500 fekk med seg revyen i Lærdal i påsken kom også førespurnadene frå årdøler som hadde lyst til å få med seg kva revygjengen hadde funne på denne gongen. 

Dagsaktuelle saker som industri på Håbakken, hamn i Lærdal og politireforma var alle haldepunkt i programmet, der karane i Lærdalskompaniet gir seg sitt skråblikk på desse sakene.

– Det er fint med eit skråblikk på slike saker, der me ser saka frå vår ståstad, gjerne med eit humoristisk syn. Det er det me klarar best, men med ein alvorleg undertone. Ein kan få sagt mykje på den måten, seier Ragnar Sanden.

Artikkelen held fram under biletet.

POPULÆR: Paven er ein alltid like populær karakter i revyen til Lærdalskompaniet, spelt av Steinar Kvigne. Magne Grøttebø passar på at paven ikkje sovnar. 
POPULÆR: Paven er ein alltid like populær karakter i revyen til Lærdalskompaniet, spelt av Steinar Kvigne. Magne Grøttebø passar på at paven ikkje sovnar. 

Alvor og humor

Med seg i kompaniet har han Magne Grøttebø, Steinar Kvigne, Tom Karlsrud, Gudmund Bolstad Skjær og Kristen Olav Grøttebø. Sistnemnde meiner det også er viktig at ein tek med dei alvorlege sakene. Denne gongen hadde dei laga ei låt om Hemsedalsaka.

– Dette er ei sak som har oppteke oss i Lærdal det siste året, så det ville nesten vore unaturleg ikkje å ha det med. Etter kvart kom teksten og melodien på plass. Andrea (Voldum journ. anm.) fekk høyre og ho likte songen. Me hadde ikkje tatt med om ikkje ho tykte det var greitt, seier han.

Artikkelen held fram under biletet.

MYKJE MUSIKK: Karane har spelt ilag eit heilt liv, og det er musikk dei kan. Difor var det litt fleire songar denne gongen enn tidlegare. Kvigne, Kristen Olav Grøttebø og Magne Grøttebø ser du på biletet. 
MYKJE MUSIKK: Karane har spelt ilag eit heilt liv, og det er musikk dei kan. Difor var det litt fleire songar denne gongen enn tidlegare. Kvigne, Kristen Olav Grøttebø og Magne Grøttebø ser du på biletet. 

Meir fokus på musikk

Song var det også litt ekstra av denne gongen. For det er det desse gjengen kan best.

– Me er jo eigentleg ei musikkgruppa og ville ha med meir musikk denne gongen. Det vart ein litt annan vri, men eg trur det vart vellykka, seier Sanden.

Men karane inntok sjølvsagt også velkjende rollar som Donald Trump, som skulle gjere «Tangen great again» og den alltid like populære paven, spelt av Kvigne. 

– Tidlegare spelte me gamlingar, men no slepp me det, ler dei.

Artikkelen held fram under biletet.

TØRRMURARLOSJEN: Den hemmelege losjen hadde med seg sjølvaste presidenten i USA i møtet. Han skulle gjere både Lærdal og Årdalstangen «great again» med Trump-tower både på Håbakken og i Seimsdalen. 
TØRRMURARLOSJEN: Den hemmelege losjen hadde med seg sjølvaste presidenten i USA i møtet. Han skulle gjere både Lærdal og Årdalstangen «great again» med Trump-tower både på Håbakken og i Seimsdalen. 

Erfaren gjeng

Med sjølv om alderen byrjar å presse på, satsar dei på å gjenta suksessen. Men først skal dei nyte ein sommar fylt med musikk.

– Ja, først skal me kosa oss med The Fox, som musikkgruppa vår heiter. Me har 50-årsjubileum i år, så då skal me spela litt og ha det moro, og så får me sjå til hausten. Det krever meir og meir dess eldre me blir, seier Sanden. 

– Men det viktigaste er å ha gleda og motivasjon, legg Kvigne til.

Til toppen