PÅSKE: Dei fleste var å finne ved påskebordet, der det blei laga påskepynt.
PÅSKE: Dei fleste var å finne ved påskebordet, der det blei laga påskepynt. (Foto: Youri van der Werve)

Både ungane og foreldra viste fram kreativiteten

Med påske som tema blei kulturhuset i Sogndal fylt med både ungar og foreldre som brukte dagen på å lage den finaste påskepynt.

Sogndal: – Det har renne inn folk og det har det gjort jamt heile dagen. Eg har ikkje oversikt over kor mange som er her akkurat no, seier Marknads- og arrangementsansvarleg på kulturhuset Karoline Eggum Lerum.

Kulturspiren blir halden 4-6 gongar i året og nå var temaet ikkje så overraskande, påske.

– I dag kan ungane drive med perling, måling, kortlaging, teikning og påskepynt.

MÅLING: Det blir mange fine kunstverk å vise fram når kulturspiren blir arrangert. Foto: Youri van der Werve

I tillegg var det ei familieførestilling, Fugleøya, som handlar om livet på øya.

– Familieførestillinga er for dei yngste. Born frå Sogndal studentbarnehagen såg stykket tidlegare i veka og det kom god respons frå dei.

Les også: Her får dei utfalde kreativiteten: – Ungane elskar det​

Var med då ho var yngre

Kulturspiren er i utgangspunktet for ungar mellom 5 og 15 år, men også dei yngste for vere med viss dei får litt hjelp frå foreldrene fortel Eggum Lerum.

– Det er litt avhengig av vêret kor mange som pleier å komme. Men slik som det er i dag er ikkje noko uvanleg. 

Eggum Lerum var sjølv med på Kulturspiren då ho var yngre og har berre gode minne.

– Det er kjekt å ha ein plass der ein kan vere kreativ og gjere kjekke ting. Det er ikkje mange plassar ein kan halde på med slikt lenger.

Kvar gong er det eit nytt tema. Denne gongen var det påske og neste gong blir temaet vår.

– Førre gong vinkla me det mot morsdagen. Då lagde ungane morsdagskort. Til jul har vi for eksempel juleverkstad og viss der er store førestillingar kan me vinkle det opp til det, seier Eggum Lerum.

Til toppen