Årdal: – Det er utruleg gøy å syngja med Elizabeth, seier Jenny Norén.

Både ho og Ronja Hovland har vore med i vokal- og dramaverkstaden i Årdal (VDV) heilt sidan Elizabeth Stewart Søvik skipa han i 2010.
Begge byrja å øva med Søvik endå tidlegare enn det. Hovland gjekk berre i barnehagen då ho fekk sansen for song og drama.
No gledar dei seg til å opptre på kul jul i kulturhuset i Årdal torsdag, den årlege førjulskonserten til verkstaden.
– Å vera med i VDV har styrka oss som personar og Elizabeth har fått oss til å tora å syna oss fram, seier Norén.

Ho får støtte av Ronja Hovland, som seier ho har fått betre sjølvtillit av å vera med.
– Elizabeth sitt engasjement styrkar eigentleg heile Årdal, seier Hovland.
Begge tykte det var moro å syngja for publikum på Årdalsenteret denne sundagen.
Hovland fortel at det har vore kjekt å sysla med drama òg, og at Søvik er ein god lærar innan båe kunstgreinene.

Sundagens songframføring god trening til torsdagens kul jul
– Eg kjem nok til å verta meir nervøs på torsdag, for då vert det eit større publikum, seier Hovland.
Dei håpar mange vil ta turen til kulturhuset torsdag, og minner om at det vert gratis inngang.
På julekonserten vil songen verta akkompagnert av levande musikk. I tillegg kjem balletten i Årdal til å opptre.
– Den konserten vert på eit vis meir ekte, utan noko playback. Det vert spennande. Men det var kjekt å syngja i dag òg. Det er alltid gøy å syngja, seier Norén.