Indre Sogn: Lensmannen i den aktuelle kommunen stadfester at ein mann er arrestert i saka, og at dei vil avhøyra plukkarar i løpet av tysdagen.
– Det er ein som er pågripen. Han vart køyrt til Bergen, og skal til avhøyr i dag. Det blir vanleg etterforsking utover dagen, mellom anna vitneavhøyr. Dei vil halda fram så lenge det trengst. Me vil prøva å finna ut mest mogleg om kva som har skjedd, seier lensmannen.
Han fortel at det er Arbeidstilsynet og politiet i Bergen som har styrt saka, medan dei lokalt har hjelpt til.
Politiadvokat Bernt Dahlsveen ved Akrimsenteret i Bergen opplyser at ein polsk mann er sikta for menneskehandel. Mannen har drive eit bemanningsbyrå som har formidla sesongarbeidarar til norske bønder.
– Politiet bistod i går på eit tilsyn på ein arbeidsplass i Sogn. Der kom det fram opplysingar som gav mistanke om at ein del plukkarar vart utnytta i arbeidet. Det går mellom anna på løn, arbeidstid og butilhøve, seier han.
Sosial dumping
Tipsarar fortel til Porten.no at mannen skal ha svindla og utnytta bærplukkarar, og at dette skal ha føregått over fleire år. Mellom anna skal plukkarane ha fått så lite som tjue kroner i timen i løn, og generelt dårlege arbeidsvilkår.
Politiet vil ikkje kommentera desse konkrete opplysingane.
Ein pressekontakt i Arbeidstilsynet stadfester at dei er kjent med påstandar om sosial dumping og at bærplukkarar skal ha blitt utnytta. Utover dét viser dei til politiet i ein såpass tidleg fase av saka.