Årdal: Det kan tilsynelatande sjå ganske så grått og trist ut i Årdal tysdag morgon. Eit tjukt tåkelag ligg som eit lok over bygda.
Men var det ikkje meldt fint vêr i dag? Jo då, fortvil ikkje. Bak tåkeloket ligg sola og ventar. Bileta er tatt tysdag morgon og viser korleis tåka har lagt seg over bygda.
Dette har gitt eit ganske så pent motiv, og ein kan nesten få inntrykk av at fjella som omkransar bygda er langt høgare enn drøye tusen meter.
Artikkelen held fram under biletet.

Varmt på fjellet
Vakthavande statsmeteorolog Anders Sivle seier tåka vil lette utover dagen slik at ein kan nyte sola også i låglandet.
– Det er ganske varmt og fint i fjella. Eg har sett at det er nesten ti grader enkelte stader, medan langs fjorden er det to-tre grader, seier han.
Han forklarar at lufta vart kjølt ned i løpet av natta, noko som gjer at tåka har blitt liggjande.
Grått i helga
Slik vil vêret også bli dei neste dagane fram til torsdag, men det blir ein grå start på påskeferien.
– Etter kvart går høgtrykket vestover, og me får litt meir nordvestleg vind. Bortsett frå tåka, blir det finast i dag og i morgon, og så skyar det litt meir til mot helga med byger. På fjellet vil det koma snø, men nede ved fjorden blir det regn eller kanskje sludd.