Sogndal-Åsane: 5-1
– Det blir godt å spela om poeng igjen snart, seier Eirik Bakke etter treningskampen mot Åsane søndag.
Sogndal hadde få problem med å slå bergensarane i den siste kampen før dei reiser til Ålesund for sesongstart.
– Dette var ein solid kamp, bortsett frå dei første 20 minutta. Me hadde tempo, viste at me er bra fysisk og at me har mykje å komma med.
Sogndal har vunne dei tre siste treningskampane og Bakke har trua på at dei kan fortsetta denne trenden i OBOS-ligaen.
– Ålesund blir ein heilt anna type kamp enn dei tre siste me har spelt, men me tar med oss det me har lært no, sjølv om det er ein treningskamp.
God sesongsoppkøyring

Sogndal har i vinter vore på to treningsleirar i Syden og har spelt sju treningskampar sidan nyttår. Bakke er fornøgd med sesongsoppkøyringa.
– Me har hatt gode treningsopphald både i Sogndal og utanfor. Me held på å byggja eit nytt lag. Nokre ting er ikkje heilt der det skal vera, men me ser konturane av noko. Det er godt å sjå.
Skal styre kampane
Førre sesong måtte Sogndal ligga svært mykje bakpå og prøva å få ballen vekk frå sekstenmeteren så fort som mogleg. I år får me sjå eit meir angripande Sogndal, lovar Bakke.
– Me skal ha høgt tempo og vera eit høgt jagande lag. Så får me sjå kva formasjon me skal ha. Den kjem til å variera frå kamp til kamp. Men det seier seg sjølv at me vil styra kampane meir enn det me fekk gjort i Eliteserien, seier Bakke.
Sesongen til Sogndal startar tysdag 03. april borte mot Ålesund. Første heimekamp blir mot Tromsdalen søndag 08. april.