Video

Bakke etter poengdelinga: – Ser ikkje så mykje på tabellen

Mykje stod på spel då eit Sogndal-lag som prøver å unngå nedrykk, tok imot eit medaljejagande Molde søndag kveld. 

Sogndal: På papiret var det ikkje tvil om at gjestane frå rosebyen var favorittar, men Sogndal har hatt eit bra grep om Molde i dei siste oppgjeret og sjokkerte frå start søndag ettermiddag. Kampen var berre elleve minuttar gamal då Even Hovland heade ned til Stanisa Mandic som sette inn sitt første for Sogndal. 

Om det overraska Ole Gunnar Solskjær og co, datt haka ytterlegare då Chidiebere Nwakali nok ein gong viste fram skotfoten sin og klinka til frå langt hald. Ballen fann vegen rett i vinkelen.

Hakeslepp vart snart snudd til eit lite smil for Solskjær. Først reduserte Björn Bergmann Sigurdarsson med ei scoring av typen klabb og babb i det 36. minutt før Petter Strand viste at også han veit vegen til vinkelen då han banka inn utlikninga på overtid med eit nydeleg frispark. 

BEST: Eirik Bakke meiner laget hans var best i oppgjeret mot Molde, men måtte nøye seg med eitt poeng i nedrykksstriden. 
BEST: Eirik Bakke meiner laget hans var best i oppgjeret mot Molde, men måtte nøye seg med eitt poeng i nedrykksstriden.  Foto:  Truls Grane Sylvarnes

– Beste laget

Andre omgang vart i grunnen eit antiklimaks etter fire scoringar før kvilen. Stemninga var spent, men med unntak av ein kjempesjanse for Bendik Bye, hans andre i kampen, var ingen av laga eigentleg nære det som ville blitt kampens femte. 

– Eg følte me var det beste laget. Me slapp dei inn i kampen på eit par dødballar, som blei litt for enkelt. Så hadde Bye to gode sjansar, og når ein ikkje set dei, blir det vanskeleg å vinna, seier Sogndal-trenar Eirik Bakke etter kampen og legg til at han var imponert over laget sitt. 

Sogndal var utan Eirik Schulze og Martin Ramsland, som begge sona karantene på grunn av gule kort. Men Mandic greip sjansen, og hadde Bye stilt inn siktet litt betre, ville også han ha teikna seg på scoringslista. 

Ser ikkje på tabellen

Dermed ligg Sogndal framleis og vakar rundt nedrykksstreken på ein 12. plass, men det er berre fem poeng som skil 10. plassen frå 15. plassen. 

– Heilt ærleg ser eg ikkje så mykje på tabellen. Det handlar no om å få noko ut av kvar kamp, og så får me sjå kor me ligg når det er att tre kampar. Me har levert solide prestasjonar den siste tida. Me skal vera vanskelege å møte i sesongens siste seks kampar, og held me fram slik, er eg optimistisk til at dette skal me greia, seier Bakke.

– Har de eit mål om tal poeng de må ta?

– Nei, heldigvis. Me er nede i striden, spelarane veit me er der, og med dei utfordringane me har hatt denne sesongen, føler eg me no er på veg oppover. Me må tora å sjå på dei føre oss og ikkje på dei bak. Det handlar om prestasjonar og å ta poeng jamnt. 

Til toppen