NOK Å TENKE PÅ: Skadar på sentrale spelarar skapar hovudbry for trenar Eirik Bakke før møtet mot Strømsgodset på måndag. Forsvaret har vore vaklande i seriestarten og mot Tromsø sist måtte venstreback Taijo Teniste gå ut med lyskeskade. Foto: arkiv.
NOK Å TENKE PÅ: Skadar på sentrale spelarar skapar hovudbry for trenar Eirik Bakke før møtet mot Strømsgodset på måndag. Forsvaret har vore vaklande i seriestarten og mot Tromsø sist måtte venstreback Taijo Teniste gå ut med lyskeskade. Foto: arkiv. (Foto: Halvor Farsund Storvik)

Bakke før Godset: – Me har noko å revansjera

Måndag skal eit skadeskote Sogndal forsøke å temme dei målkåte spissane til Strømsgodset.

Sogndal: Sogndal har sleppt inn sju mål på dei tre første kampane i årets eliteserie, berre Aalesund har fått like mange i sekken. Måndag spelar Sogndal mot Strømsgodset, laget dei tapte 0-5 for i vinter.

– Me fekk oss ei skikkeleg lekse i den treningskampen, så me har noko å revansjera. Dei er eitt av laga som er tippa i toppen, så det blir tøft. Men på heimebane håpar eg me kan få med oss noko, seier sogndaltrenar Eirik Bakke.

Les også: Furebotn etter storsigeren: – Den var for Ole Amund
Les også: Vårt tabelltips: Difor rykker Sogndal ned i år

Sist laga møttest i serien var på Fosshaugane i oktober i fjor. Strømgodset vann 1-0 trass store sjansar og stolpeskot frå heimelaget:

– Me må bli gjerrigare

Strømsgodset kjem med ein av dei mest målfarlege spissduoane i eliteserien. Urokråka Marcus Pedersen kjenner dei fleste. Spissmakker Marco Tagbajumi putta to i den famøse 0-5-kampen og er ein av seks spelarar med tre mål til no i år.

Då lovar det ikkje godt at Sogndal har lekt som ei sil i seriestarten. Trenar Eirik Bakke meiner dei har stramma inn på defensive dødballar etter 1-3 i første kamp mot Sarpborg, men vedgår at laget må forsvare seg betre.

– Sju mål på tre kampar er ikkje bra. Det er vanskeleg å vinna fotballkampar når me slepp inn meir enn to mål i snitt. Me må bli gjerrigare, seier han.

Nye må gripe sjansen

Skadesituasjonen var eit samtaleemne allereie før sesongen starta. Dei fleste er på veg tilbake, men berre den siste veka har både Taijo Teniste (lyskeskade) og Ole Amund Sveen (brot i leggen) teikna seg på skadelista.

– Dei var kanskje våre to beste i fjor. At dei er ute, i tillegg til alle dei som reiste i vinter, gjer det veldig utfordrande. Det er ikkje ideelt i det heile teke. No får det vere nok skadar for ei stund framover, seier Bakke, som samstundes seier det gir ein sjanse for andre til å slå til.

– Berre sjå kva Ole Amund gjorde i fjor. At det har vore så store utskiftingar gjer at eg set litt meir trøkk på at dei andre må ta over stafettpinnen. Det byrjar på måndag, seier Bakke

Fleire er på veg tilbake

Spiss Kasper Nissen er venta tilbake i spel tidlegast heilt på tampen av sesongen. Kantspelar Lars Christian Kjemhus fekk eit lite kvarter mot Tromsø, men vil nok trenge tid før han kan yte maks etter kneoperasjonen. Den nye backen Kristinn Jònsson treng tre veker til før han er venta tilbake frå lårskaden han pådrog seg i vinter. 

Midtstoppar Walid Atta vart henta inn èin dag før seriestart, men har enno til gode å debutere.

– Han mista oppkøyringa og treng tid. Me må gje han to-tre veker til før han er klar. Eg håpar han kan vere med å bidra i starten av mai, seier Bakke.

Satsar på mange heimepoeng

Med fire poeng på tre kampar har heller ikkje Strømsgodset fått nokon pangstart. Difor er det nok ein poenghungrig medaljekandidat som kjem på besøk.

Bakke håpar laget greier å følgje opp den gode kampen mot Stabæk.

– Det var godt å starta med ein klar siger på heimebane. Det blir viktig å ta poeng her på Fosshaugane framover, seier Bakke.

Til toppen