NY KONTRAKT: Eirik Bakke har forlenga kontrakten med Sogndal og blir verande i klubben dei neste tre åra. Også Terje Skjeldestad vert belønna for den gode jobben. Foto: Halvor Farsund Storvik.
NY KONTRAKT: Eirik Bakke har forlenga kontrakten med Sogndal og blir verande i klubben dei neste tre åra. Også Terje Skjeldestad vert belønna for den gode jobben. Foto: Halvor Farsund Storvik.

Bakke forlengar med Sogndal​

Eirik Bakke og Terje Skjeldestad har forlenga med Sogndal dei neste tre åra.

Sogndal: Det melder Sogndal på si heimeside tysdag ettermiddag. Bakke held dermed fram som hovudtrenar og får med seg Skjeldestad også dei neste tre åra som assistent og keepertrenar.

Etter at Bakke tok over som trenar i fjor, rykte Sogndal opp på første forsøk frå 1. divisjon. Den sportslege suksessen har halde fram denne sesongen på Noregs øvste nivå med ein 9. plass eliteserien i skrivande stund.

– Eirik og Terje komplimenterer kvarandre. Dei har klart å byggje eit godt team rundt seg som har løfta både treningskvardagen og den individuelle oppfølgjinga av kvar enkelt spelar.

– Dei har ikkje berre vore lojale til klubbens filosofi, men dei siste to sesongane har dei òg bidrege til å styrka og utvikla klubbens filosofi, fortel styreleiar Tor Arne Ness til klubbens heimeside.

Ness seier dei no kan byggje vidare på den fine utviklinga og halde fram med vidareutviklinga.

Til toppen