HAR GITT BOD: Eirik Bakke håpar Even Hovland blir hans fjerde stopparsignering i 2017. Foto: arkiv.
HAR GITT BOD: Eirik Bakke håpar Even Hovland blir hans fjerde stopparsignering i 2017. Foto: arkiv. (Foto: Halvor Farsund Storvik)

Bakke: – Har tilbydd Hovland kontrakt

Den klubblause landslagsstopparen Even Hovland kan vere på veg tilbake til saftbygda. 

Sogndal: Det stadfesta sogndaltrenar Eirik Bakke i intervjusona etter 0-0 mot Odd søndag kveld.

– Me har gitt han eit tilbod han ikkje kan avslå: gratis saft og syltetøy frå Lerum resten av livet, seier Bakke spøkefullt.

Han seier ein eventuell overgang vil vere klar om eit par dagar. No er det opp til Hovland sjølv avgjere. Han står utan kontrakt etter at Nürnberg valde å ikkje forlenge med landslagsstopparen i juni.

– Eg håpar han blir sogndalspelar, seier Bakke, som etter kampen måtte haste vidare til flyplassen for å rekke ei trenarsamling.

Til toppen