TALENT: Kasper Nissen kjem frå Eseberg i Danmark, men har spelt den siste sesongen i Nest-Sotra. Dei neste to åra skal han prøve sjansen i Sogndal.
TALENT: Kasper Nissen kjem frå Eseberg i Danmark, men har spelt den siste sesongen i Nest-Sotra. Dei neste to åra skal han prøve sjansen i Sogndal.

Bakke hentar målfarleg spisstalent frå Danmark​

Danske Kasper Nissen blir sogndalsspelar.

Sogndal: Nissen kjem frå Nest-Sotra, der han spelte 26 kampar og skåra 18 mål. Nittenåringen har fått ein avtale med Sogndal som varer ut 2019-sesongen. 

– Me er veldig glade for at Kasper kjem til oss, seier sportsleg leiar Håvard Flo til klubbens eigne nettsider.

Les også: Her er kampane til Sogndal i eliteserien 2017
Les også: Slik skal Sogndal bu seg på neste sesong

Nissen skal kunne spele både på kant og heilt på topp. Dansken har elleve kampar og tre mål for aldersbestemte landslag.

Flo seier han har hatt Nissen i kikkerten ei god stund.

– Me har sett han live fleire kampar. Han har vist at han har eit bra rykk og eit godt skot, seier han.

– Kasper er veldig profesjonell og treningsvillig. Han er sterk, rask og har ein nase for skåringar, fortel Flo.

Til toppen