HÅPAR PÅ NY TRIUMF: På Fosshaugane vann Sogndal 4-3 etter blant anna to mål av Lars Kristian Kjemhus. Trenar Eirik Bakke satsar på reprise og går for tre nye poeng mot Molde på søndag. Men han innrømmer at heimelaget er klare favorittar.

Bakke: – Me går for tre poeng, men dei er favorittar

Sogndal slo Molde i ein målfest av dei sjeldne på Fosshaugane. Trenar Eirik Bakke trur dei får det tøffare i søndagens returoppgjer på Aker Stadion.

GÅR FOR TRE POENG: Sogndal og trenar Eirik Bakke har i praksis sikra ny kontrakt i eliteserien. Likevel er dei svoltne på nye poeng.
GÅR FOR TRE POENG: Sogndal og trenar Eirik Bakke har i praksis sikra ny kontrakt i eliteserien. Likevel er dei svoltne på nye poeng.

Sogndal: Då laga møttest på Fosshaugane i sommar enda det 4-3, etter at Molde skapte spaning med to kjappe reduseringar nesten på overtid av kampen.

Eirik Bakke har ikkje noko imot ein reprise på søndag, så lenge bortelaget vinn denne gongen. Men fornufta seier at det blir færre mål i returmøtet.

– Det er ikkje ofte me scorar fire mål, så det spørst om me greier det mot dei borte. I tillegg møter me eit anna moldelag no. Dei har blitt litt meir kompakte og fått meir orden på det defensive, enn sist me møtte dei, seier Bakke.

Les også: – Eg kjem ikkje akkurat til å stoppa å skyta
Les også: – Sarr går til tippeligarival Molde

JUBEL SIST: På Fosshaugane køyrde Ole Amund Sveen og Sogndal over eit moldelag i krise. Tre månader seinare kjempar dei om medaljar.
JUBEL SIST: På Fosshaugane køyrde Ole Amund Sveen og Sogndal over eit moldelag i krise. Tre månader seinare kjempar dei om medaljar.

Frå krise til medaljekamp

Tapet mot Sogndal vart det fjerde på rad for ein pressa Ole Gunnar Solskjær. På tribuna både sang og ropte bortefansen at den tidlegare unitedlegenda måtte ha seg heim til Kristiansund.

Men Molde fekk etter kvart orden på sakene og er no eitt av fem lag som kjempar om medaljane etter Rosenborg.

– Dei er eit godt lag, særleg viss me let dei få lov til å spela. Dei er gode over heile linja, så det handlar mest om oss sjølve og den jobben me skal gjera. Me går for tre poeng, men dei er likevel store favorittar, seier Bakke.

GOD SPORTSAND: Moldetrenar Ole Gunnar Solskjær var under hardt press etter tapet mot Sogndal, det fjerde på rad. Det var ikkje lett å sjå, der han gratulerte omtrent det som var av sogndalspelarar og støtteapparat med sigeren etter kampen.

Fleire i aksjon i landslagspausa

Kampen kjem etter ei to veker lang landslagspause. Fleire av spelarane til Sogndal har vore i aksjon, men ikkje utan at det har kosta.

Jukka Raitala er sjuk, Taijo Teniste er skada, medan Gilbert Koomson knapt har landa, bokstavleg og billedleg tala, etter at han debuterte for Ghana mot Sør-Afrika for tre dagar sidan. Frå før er Bjørn Inge Utvik, Kristian Fardal Opseth og Eirik Skaasheim alle ute med skade.

USIKKER: Tajio Teniste kom småskada tilbake frå landslagsoppdrag med Estland. Fleire andre er òg usikre til kampen på søndag. 
USIKKER: Tajio Teniste kom småskada tilbake frå landslagsoppdrag med Estland. Fleire andre er òg usikre til kampen på søndag. 

– Det er nokre usikre moment, men eg håpar å ha dei fleste tilgjengelege til kampen, seier Bakke.

Med så mange spørsmålsteikn er det kanskje greitt at Sogndal har greidd å opparbeide seg ein rikeleg buffer ned til nedrykkstriden. Berre eit omvendt mirakel kan hindre ny kontrakt. Faktisk har Sogndal kortare veg opp til medalje, enn det er ned til kvallikplasserte Stabæk, sju mot åtte poeng.  

– Me har sett oss sjølve i ein ok posisjon. Det gjer at me kan sjå oppover på tabellen, sjølv om me veit at dei bak oss ikkje vil slutta å jaga. Men eigentleg tenkjer me ikkje så mykje på tabellen. Me tenkjer berre på å ta poeng mot Molde, seier Bakke.

Bakke håpar å overraske i avslutninga

Bakke forventar knalltøff motstand i dei fire siste kampane av sesongen. Både Molde og Odd er med i medaljekampen, medan Aalesund i skrivande stund har fire sigrar på rad. Strømsgodset har slitt meir enn forventa i år, men er uansett ein av dei store medaljegrossistane i norsk fotball dei siste åra.

– Det er ei bra kjensle å ikkje kjempa med ryggen mot veggen. Eg håpar det vil gje oss ekstra energi, slik at me kan overraska i det som er ei rekkje tøffe kampar framover, seier Bakke.

Sjølv om plassen verkar trygg er det ikkje snakk om å eksperimentere og sleppe dei yngre talenta. Som trenar har Bakke etterlyst spelarar som er svoltne på framgang. Det same gjeld trenarapparatet. Det blir aldri nok poeng. 

– Eg brukar dei eg er nøydd for å vinna kampar. Slik kjem det til å bli framover òg. Dei som er på bana er dei som fortener det mest. Det vil alltid dukke opp sjansar for nokre innhopp. Då er det opp til dei som kjem innpå å ta sjansen, seier Bakke.

Til toppen