DIALOG: Sogndaltrenar Eirik Bakke fortel dei er i dialog med Even Hovland om ein mogleg retur. Arkivfoto
DIALOG: Sogndaltrenar Eirik Bakke fortel dei er i dialog med Even Hovland om ein mogleg retur. Arkivfoto (Foto: Halvor Farsund Storvik)

Bakke: – Trur dette vil vera ein bra arena for Hovland

Sogndalstrenaren meiner landslagsmidtstopparen vil kunne byggja seg bra oppatt ved å koma «heim»

Sogndal: – Alle har sjølvsagt lyst til å vere lengst mogleg i utlandet, men eg er open for alt. Eg får sjå kva som blir det beste alternativet for meg og familien til slutt, sa Even Hovland til nrk.no då dei melde at midtstopparen er ferdig i tyske Nürnberg.

Etter returen til Noreg har Hovland trent med Sogndal. Om sjansane for at vaimingen kan bli å sjå i Sogndal-drakta siste del av denne sesongen, sa sogndalstrenar Eirik Bakke dette til Porten.no etter sigeren mot Sandefjord søndag:  

Les også: Sogndal sikra sigeren seks minutt på overtid

– Even er Bosman-spelar, han har vore og trent med oss og me er i dialog med han. No er han med landslaget. Så får han bruka tida til å vurdera om han vil til utlandet att eller spela i Noreg. Utlandet er første prioritet, men vil han vera her i landet trur eg dette vil vera ein bra arena for at han får byggja seg oppatt og får mykje kamptrening.

 

Til toppen